Dokumentasjonsforvaltning - Public 360
Tenesta Dokumentasjonsforvaltning frå Sikt sørgjer for ei systematisk organisering av informasjon frå arbeidsprosessane for verksemda. Den legg til rette for utvikling av digitaliserte løysingar for ei standardisert og effektivisert saksbehandling.
Tenesta tilbyr bruk av saks- og arkivsystemet Public 360°, eit komplett saksbehandlings- og arkivsystem som støttar Noark 5-standarden.
Tenesta organiserer mellom anna møtearenaer, oppfølging av leveransar og kontraktar mot leverandør, med mål om auka kvalitet, gjenbruk og sikring av data om verksemda.
Public 360° – eit komplett saksbehandlings- og arkivsystem
Public 360°, også kjend som P360, er ei digital systemløysing som varetar behova universitet og høgskular har for saksbehandling og sikker lagring av informasjon.
Systemet legg til rette for at virksomheten kan gjenbruke og dele data, og møter krava til personvern og informasjonssikkerheit.
Public 360° omfattar digitalisering, automatisering, robotisering og kunstig intelligens, og gir enklare informasjonshandtering for både administrasjon og operativ verksemd.
Støtter elektronisk saksflyt og sikrer etterleving av lovkrav
Public 360° er i bruk ved dei statlege og vitskaplege høgskulane og universiteta i Noreg. I systemet kan brukarane opprette og behandle saker, journalføre inngåande og utgåande saksdokument, og dessutan utarbeide rapportar.
Systemet støttar elektronisk saksflyt og papirlaus møte- og utvalsbehandling, og er integrert mot fleire fagsystem som blir nytta i sektoren.
Public 360°:
- gjer det enkelt for saksbehandlar å dokumentere saksgang og vedtak
- gjer det enkelt for saksbehandlar å finne igjen data til bruk ved revisjonar og ved førespurnader om innsyn
- sikrar at lovkrav til verksemdsdokumentasjon blir etterlevd
Brukarar som P360 betener
Public 360° blir brukt av og genererer data til mellom anna:
- saksbehandlarar
- leiarar
- møte- og utvalssekretariat
- innsynsløysingar og offentleg journal for allment innsyn i tråd med gjeldande lovverk
Kvifor nytte Public 360°?
Alle offentlege verksemder er pålagde å dokumentere det som har kulturell eller forskingsmessig verdig, eller inneheld rettsleg eller viktig forvaltingsmessig dokumentasjon, slik at dette blir teke vare på og tilgjengeleggjort for ettertida.
Det er også lovpålagt å nytte eit Noark-godkjent system til formålet. Public 360° møter lovkrava for verksemdsdokumentasjon, og digitaliserer saksbehandlinga gjennom systemet. Det er også mogleg å ta i bruk effektiv tilleggsfunksjonalitet.
Kopling til andre fagsystem
Public 360° er Noark-godkjende for langtidslagring av data, og tilfredsstiller dermed kravet tilsynsmaktene har til behandling og oppbevaring av arkivverdig informasjon.
Public 360°er også kopla til fleire fagsystem gjennom integrasjonar, blant dei rekrutteringsverktøy (Jobbnorge), digital eksamen (WiseFlow), Felles studentsystem (FS), Leganto pensumlistesystem og DPI (Digital post til innbyggere).
Public 360° er ei sikker teneste
For sender
- Som sender kan du vere trygg på at mottakarverksemda tar vare på retten din til trygg behandling av teiepliktig informasjon.
- Verksemda lagrar opplysningar som det er lovpålagt å langtidsoppbevare i eit system med sikker pålogging, og som er underlagd omfattande lovregulering.
For mottakar
- Dokumentasjonen for verksemda er autentisert og blir lagra i eit trygt system som møter alle lovkrav til sikker lagring i offentlege verksemder.
- Tilgangsstyring internt i verksemda møter krav personvern og informasjonssikkerheit
- Tilleggsfunksjonalitet i systemet er alltid kvalitetssikra og trygt å ta i bruk for verksemda.
Nyttige lenkjer
Produkt- og tenestevilkår
Under er dei spesifikke produkt- og tenestevilkåra lista. Elles gjeld Sikts generelle avtalevilkår.
Skildring av produktet
På vegner av deltakande verksemder har Sikt ein rammeavtale med TietoEVRY, som er leverandør av Public 360°. Public 360° er eit komplett saksbehandlings- og arkivsystem som støttar Noark 5-standarden.
Føresetnader
Tenesta vart skaffa gjennom ein felles offentleg innkjøpsprosess. Verksemder som er rettshavarar i innkjøpet kan ta i bruk tenesta.
Servicenivå
Førespurnader rundt brukarstøtte, feilmeldingar og drift skal rettast direkte til leverandøren av Public 360°, TietoEvry.
Sikt handterer førespurnader vedrørande rammeavtale, og dessutan endringsønske frå verksemdene.
Førespurnader til Sikt blir handterte på Servicenivå 2.
Vederlag, kostnader, økonomi
Tenesta er brukarfinansiert og blir finansiert av sektoren via ei årleg tenesteavgift etter 80/20-modellen.
Årleg tenesteavgift dekkjer alle kostnader knytt til anskaffing, koordinering av samarbeidet og vidareutvikling av systemet. Den blir fordelt etter storleik på verksemda – stor, medium og lita verksemd – basert på talet på studentar. For verksemder utan studentar er det talet på tilsette (multiplisert med ein faktor på 6.11) som ligg til grunn for berekning av avgifta. Verksemdene blir fakturerte ein gong i året gjennom ein samlefaktura frå Sikt.
I tillegg til dette kjem vedlikehalds-, drifts-, og brukarstøttekostnader frå leverandør. Dette blir fakturert direkte frå leverandør.
Organisering og styring
I denne tenesta er Sikt ein kundekoordinator overfor deltakande verksemder, og kontraktspart overfor leverandøren *TietoEvry.
Tenesta høyrer inn under Porteføljestyret for utdanning og administrasjon.
Tenesta har eit arbeidsutval som er sett saman av fagpersonar frå verksemdene. Arbeidsutvalet utfører operasjonelt arbeid, og i 2023 er desse verksemdene med i AU: PHS, NMH, Nord Unversitet, Veterinærinstituttet, NMBU, Høgskolen i Molde og Sikt.
Varigheit, oppseiing
Avtaleperioden er forlenga til 31. mai 2031.
Relaterte produkt og tenester
Kontakt