Samstyringsmodell for digitalisering
Samstyringsmodellen skal sørgje for at strategiar og handlingsplanar for kunnskapssektoren blir realiserte gjennom digitale fellestiltak, og brukarinvolvering på alle nivå. Modellen involverer institusjonane i styring, produktutvikling og utforming av regelverk.
Det øvste nivået i modellen er Digitaliseringsstyret. Dei neste nivåa er porteføljestyra.
Porteføljestyra skal bidra til den digitale omstillinga i universitets- og høgskulesektoren gjennom nasjonal styring og samarbeid, innanfor rammer som blir gitt av digitaliseringsstyret.
Porteføljestyra
Utdanning og administrasjon
Tenester til bruk i undervisning, studieadministrasjon, administrasjon og styring, innkjøp og avtalar.
Forskings- og kunnskapsressursar
Tenester innan personvern, forskingsdata, bibliotek, publisering og forskingsinformasjon.
Data og infrastruktur
Tenester innan nettverk, innlogging og datadeling, video og telefoni, i tillegg til cybersikkerheit.
Strategier og planer
Mandat for porteføljestyra
Porteføljestyra skal
- Bidra til at sektorane har relevante strategiar og planar for digitalisering
- Bidra til god måloppnåing og gevinstrealisering av digitaliseringsinvesteringar
- Leggje til rette for samarbeid og betre utnytting av ressursar, teknologi og data
Oppgåver og ansvar
Porteføljestyra skal bidra til den digitale omstillinga i UH-sektoren gjennom nasjonal styring og samarbeid, innanfor rammene gitt av digitaliseringsstyret, ved å:
- Gi tilrådingar til Digitaliseringsstyret
- Være ein arena for dialog og bidra til god samstyring og gevinstrealisering
- Følgje opp status og vedta endringar i porteføljen
- Beslutte og følgje opp produktstrategiar og årlege prioriteringar
- Beslutte oppstart og avvikling av investeringstiltak i tråd med rammetildelingar og mål for felles investeringsmidlar
- Beslutte standardisering av arbeidsprosessar og data
- Anbefale IT-løysings- og teknologival til Sikt
- Leggje til rette for brukarinvolvering i produktråd eller tilsvarande forum
Samansetning
Porteføljestyra skal ha inntil 12 medlemmer med fagleg tyngd innan eitt eller fleire av produktområda og fortrinnsvis i ei leiarrolle på institusjonane sine.
Porteføljestyret skal ha representasjon frå institusjonar som bidreg tyngst når det gjeld fellestenester, samtidig som styret skal representere mangfaldet i sektoren. Samansetninga skal vere både frå administrativ og fagleg leiing og ein skal søkje kjønnsbalanse.
Porteføljestyra kan ha ei større breidd i representasjonen enn i Digitaliseringsstyret. Til dømes kan private universitet og høgskular og institutt- og helsesektoren vere representert i eitt eller fleire av porteføljestyra. Studentane er representerte i porteføljestyret for utdanning og administrasjon.
Medlemmene representerer sektoren og ikkje eigen institusjon. Porteføljestyret, og ikkje enkeltmedlemmene, har faste vararepresentantar som blir kalla inn ved fråfall.
HK-dir har ein fast representant i porteføljestyra som observatør med talerett for å bidra med innsikt frå politiske og strategiske føringar.
Digitaliseringsstyret utnemner porteføljestyra etter tilråding frå Sikt. Sikt er sekretariat for porteføljestyra og legg fram saker i dialog med leiar for porteføljestyret. Produktråd og tilsvarande forum vil både kunne ta initiativ til, og følgje opp saker frå porteføljestyra. Møta er opne, noko som inneber at andre kan delta som observatørar.
Policyer og rammeverk
Digitaliseringsstyret
Digitaliseringsstyret har ansvar for medverknad, samarbeid og strategiske vurderingar. På nettsidene til hkdir.no finn du meir informasjon om mandat, samansetning, møte og sakspapir.
Nasjonale digitaliseringstiltak
Sjå oversikt på sikt.no over ulike tiltak som skal bidra til å realisere strategiar og handlingsplanar for kunnskapssektoren.
Kva er samstyringsmodellen?
Samstyringsmodellen skal sørgje for tiltak og brukarinvolvering for å realisere strategiar og handlingsplanar for kunnskapssektoren. Les meir på nettsidene HK-dir.
Strategiar og handlingsplanar
Kontakt