Sikt – Kunnskapssektorens tenesteleverandør
Kunnskapssektoren driv norsk og internasjonal samfunnsutvikling framover gjennom forsking, utdanning, innovasjon og entreprenørskap. Sikt skal vere ein stabil og påliteleg leverandør av produkt og tenester til sektoren.
I samspel med brukarane og kundane våre skal vi tilby ein felles infrastruktur for kunnskapssektoren, som gir gode brukaropplevingar, og som oppfyller overordna mål om digitalisering, datadeling og open forsking.
Om Sikt
Sikt – Kunnskapssektorens tenesteleverandør blei etablert 1. januar 2022 gjennom ei samanslåing av NSD (Norsk senter for forskingsdata AS), Uninett AS og Unit – Direktoratet for IKT og fellestjenester i høgare utdanning og forsking.
Verksemda er organisert som eit statleg forvaltningsorgan under Kunnskapsdepartementet. Oppdraget vårt er å bidra til at kunnskapssektoren når måla sine, ved å levere stabile og verdiaukande fellestenester.
Sikt består av om lag 400 medarbeidarar, med hovudkontor i Trondheim og kontor i Bergen og Oslo.
Måla til Kunnskapsdepartementet for Sikt
- Kunnskapssektoren har god tilgang til infrastruktur og fellestenester av høg kvalitet.
- Kunnskapssektoren deler data for auka kunnskapsutvikling, innovasjon og verdiskaping.
- God informasjonssikkerheit og godt personvern i kunnskapssektoren.
Kontakt
Vil du vite meir om våre produkt og tenester?
Vi vil gjerne høyre frå deg.