Sikt for universitet og høgskular
Sikt har støtta universitet og høgskular sidan starten. Vi har god kunnskap om utfordringane sektoren står overfor – og løysingar for fleire av dei same utfordringane.
Tenester til universitet og høgskular
Data og infrastruktur
Forskings- og kunnskapsressursar
Utdanning og administrasjon
Løysingar til støtte for heile UH-sektoren
Sikt (tidlegare Unit, Uninett og NSD) arbeider kontinuerleg med å løyse behov og problem for norske utdanningsinstitusjonar. Gjennom mangeårig samarbeid med dei største høgskulane og universiteta i Noreg har vi både utvikla verktøy og tenester, og også anskaffa produkt, for å gjere kvardagen enklare – for både dei tilsette og studentane ved lærestadene.
Sentrale bidrag er Feide, Forskningsnettet, Cristin, Felles Studentsystem (FS) og IT-systema til Samordna opptak. Vi leverer dessutan eit breitt spekter av relaterte tenester som støttar heile organisasjonen - frå forsking, bibliotek og utdanning, til administrasjon og IT.
Kundereferanse
– Blant dei viktigaste tenestane ved UiO
Vi kjenner behova til UH-sektoren godt, og tilbyr også tenester som felles IAM (tilgangsstyringskontroll), eduroam, lokalnett, LMS (Canvas) og digital eksamen. Kort sagt: Vi har det lærestaden din treng for å gjere arbeidskvardagen enklare for alle partar.
Du kan bestille tenestene våre individuelt, men for å unngå tredjepartsintegrasjonar tilrår vi å ta i bruk fleire av tenestene saman. Løysingane våre er bygd for enkel dataoverføring, og vi har lang erfaring med å integrere tenestene med kvarandre.
Uansett om behovet ditt gjeld cybersikkerheit, personvern, bibliotek, forskingsadministrasjon, nettilgang eller LMS (læringsplattformer), så leverer vi løysingar som legg til rette for ein kvardag utan digitalt hovudverk.