Sikt for helsesektoren

Våre produkt og tenester for helsesektoren er først og fremst opp retta mot forskingsverksemda innan helse.

Lege på laboratorium.

Tenester for helsesektoren

Kva vi leverer til helsesektoren

Sikt (tidlegare Unit, Uninett og NSD) har gjennom fleire år støtta helsesektoren ved å utvikle tenester spesialtilpassa behovet til sektoren.

Tenestene vi tilbyr varierer frå system for registrering av forskingsresultat til personvernrådgiving og lagring av forskingsdata, til løysingar for administrering av praksisplassar for studentar, og tenester for brukarstyring, skylagring, og cybersikkerheit

Vi samarbeider med Helse- og omsorgsdepartementet og verksemder i helsesektoren for å vidareutvikle eksisterande løysingar, og for å tilføre nye som møter behovet for digitalisering, forenkling og automatisering i framtida.

I dag betener vi ulike system ved sjukehus, farmasøytiske bedrifter og eit vidt spekter av andre helseføretak i heile landet.

Kontakt oss gjerne for ein gjennomgang av verksemda di behova sine og eksisterande infrastruktur.