Sikt for forskningssektoren

Sikt leverer eit breitt spekter av tenester til forsking – alt frå nettinfrastruktur og data til bruk i forsking, til bibliotektenester for å finne faglege ressursar og publiseringsavtalar som sikrar open tilgang.

To kvinnelige forskere med vernebriller.

Tenester til forskingssektoren

Erfaren leverandør til norsk forsking

Då Sikt (tidlegare Unit, Uninett og NSD) vart etablert, fekk vi samla både den tekniske infrastrukturen som forskingstenestene kviler på, og dei ulike tenestene som vi leverer til forskingssektoren.

Vi har tenester som spenner seg rundt heile forskingssyklusen – frå planlegging av eit forskingsprosjekt og innsamling av data, til publisering og registrering av forskingsresultat.

Dei fleste forskarar kjenner Cristin og personverntenestene frå før, i tillegg leverer vi mellom anna sikkerheitstenester, bibliotektenester, Feide, administrasjonssystem og løysingar for digital samhandling. Vi utviklar også løysingar for å gjere forskingsdata tilgjengeleg for gjenbruk.

Driv du med forsking i Noreg, har du mest sannsynleg også brukt Forskningsnettet, som er Noregs kraftigaste infrastruktur for nett-tilgang. Den unike robustheita og kapasiteten i forskingsnettet kan forlengjast heilt over dørstokken og inn på forskingsinstitusjonen din ved hjelp av tenesta CNaaS lokalnett.

Trygge løysingar

Vi leverer verksemdskritiske tenester til heile forskingssektoren. Ved å bruke Sikt som leverandør kan du fokusere på forskinga, og vere trygg på at den underliggjande infrastrukturen støttar opp om arbeidet ditt fullt ut.

Ta gjerne kontakt med oss for ei vurdering av kva tenester vi kan levere til organisasjonen din, og korleis vi kan gjere kvardagen din enklare.