Nettverk
Fart, føreseielegheit og tryggleik heilt fram til brukaren. Sikt tilbyr fleksible nettverksløysingar tilpassa behovet for den enkelte verksemda. Vi hjelper til med både komplett drift eller nettverksadministrasjon, og rådgiving, overvaking eller liknande, etter ønske.
Forskingsnettet utgjer basen i nettverksløysingar levert av Sikt. Det opnar opp for ei verd av kunnskap, tilgjengelege data og ressursar gjennom eksklusiv tilgang til globale forskingsnettverk.
Med våre nettverksløysingar blir den unike kvaliteten tilgjengeleg for verksemder i kunnskapssektoren på ein trygg og enkel måte.
Nettverksløysingar
– Blant dei viktigste tenestene ved UiO
Med 2000 aksesspunkt og inntil 26 000 unike brukarar per døgn, er UiO ein stor bruker av nettverkstenester frå Sikt. Nettverksansvarleg beskriv tenestene som blant dei viktigaste ved universitetet.
KHiO dekkjer inn sårbarheita med CNaaS
– Vi er ein liten skule med ei lita IT-avdeling, og det betyr at vi er sårbare. Med CNaaS kan vi dekkje inn sårbarheita på drift av lokalnettet, fortel Geir Hamre Moe, teamleiar IT ved Kunsthøgskolen i Oslo.
– Heilt suverene tenester for SiÅs
CNaaS Studentbolig er eit lokalnett skreddarsydd for studentbustader. Studentsamskipnaden i Ås (SiÅs) har gode erfaringar med både installasjon, drift og oppfølging frå Sikt.
Kontakt
Vil du vite meir om våre produkt og tenester?
Vi vil gjerne høyre frå deg.