Opplysningar om andre enn deltakarane (tredjepersonar)

Ei tredjepersonsopplysning er informasjon som direkte eller indirekte identifiserer andre personar enn den som deltek i forskingsprosjektet. Les meir om kva du må vere merksam på når du behandlar slike opplysningar. 

Personidentifiserbare opplysningar om andre personar enn utvalet/respondentane sjølv, blir rekna som tredjepersonsopplysningar. Det kan vere snakk om både direkte eller indirekte identifiserande opplysningar. 

Opplysningar om tredjepersonar

Tredjepersonsopplysningar kan t.d. komme frami intervju eller i spørjeskjema (t.d. viss du spør om mors og fars utdanning eller diagnosar, eller elev som skal svare på spørsmål om lærers undervisningsmetodar, eller deltakaren skal fortelje om livshendingar).

Opplysningar på gruppenivå blir ikkje rekna som opplysningar om tredjeperson (t.d.” foreldre”, "kollegaer"). 

Merk at utvalskriterium kan gjere at du indirekte innhentar opplysningar om tredjeperson, til dømes viss utvalet ditt er barn av psykisk sjuk mor. 

Det går fint at det blir innhenta tredjepersonopplysningar, så lenge det er relevant for formålet med prosjektet ditt. 

Kva må du gjere? 

Viss du registrerer opplysningar om tredjepersonar, må du krysse “Ja” for Tredjeperson i meldeskjemaet og ta stilling til følgande: 

  • Er det mogleg eller formålstenleg å gi informasjon til person(e)? 
  • Er det mogleg eller formålstenleg å innhente samtykke frå person(e)? 

Du skal altså gi informasjon til tredjepersonar, men det er mogleg å gjere unntak dersom visse vilkår er oppfylte. 

Du må sjølv argumentere for kvifor du eventuelt ikkje skal gi informasjon eller innhente samtykke. 

Dersom det ikkje er mogleg å gi individuell informasjon, kan du prøve å gjere informasjonen offentleg tilgjengeleg på ei eiga nettside om prosjektet, eller liknande. 

Teieplikt

Hugs at i nokre tilfelle kan opplysningar om tredjeperson vere teiepliktige opplysningar.

Til dømes kan ikkje ein lærar uttale seg på ein måte som identifiserer enkeltelevar eller avslører teiepliktig informasjon, utan at teieplikta først blir oppheva. På same måte kan ikkje helsepersonell dele opplysningar som identifiserer pasientane sine. 

I slike tilfelle kan ikkje tredjepersonsopplysningar delast utan samtykke frå dei det gjeld. Alternativt må ein få dispensasjon frå teieplikta frå relevant styresmakt. 

Rettar 

Tredjepersonar har i utgangspunktet dei same rettane ved behandling av personopplysningar om seg som dei andre registrerte i prosjektet.

Dersom du skal gjere unntak fra nokre rettar, så er det visse vilkår som må vere oppfylt. 

Kontakt personverntenestene til Sikt

  • Melding: Logg inn på minforskning.sikt.no og kontakt rådgivar via melding.
  • Chat: Er open kvardagar kl. 12–14. Stengt onsdagar.
  • Telefon: +47 73 98 40 40 kvardagar kl. 10–12. Stengt onsdagar.

Relaterte sider om personvern i forsking