Melde endringar i prosjektet

Det hender at ein må endre prosjektet etter at meldeskjema er utfylt og vurdert. Dersom endringane påverkar behandlinga av personopplysingar, må du melde frå til Sikt. 

Små endringar treng du ikkje melde, men større endringar kan få følgjer for vurderinga av om prosjektet er i tråd med personvernlovverket.

Endringar som må meldast

Eksempel på endringar som kan få følgjer for vurderinga:

  • Endring i dato for prosjektslutt, altså dato for når du skal avslutte behandlinga av personopplysingar til prosjektet sitt formål. Dersom datamaterialet allereie er anonymisert før prosjektslutt, skal du ikkje melde frå om utvida prosjektperiode. 
  • Endring i typar av persondata som skal samlast inn, altså om du skal samle inn nye typar særlege kategoriar eller strafferettslege opplysingar (sensitive data). 
  • Tilføying av metodar eller datakjelder som inneber handsaming av personopplysingar. 
  • Nye utvalsgrupper. 
  • Endring av utval som får innverknad på kriteria for samtykke, til dømes om du skal inkludere barn, eller personar med redusert samtykkekompetanse. 
  • Endring av prosjektansvarleg. Dette krev stadfesting både frå ny og tidlegare ansvarleg. 
  • Endring av institusjonen som er ansvarleg for forskingsprosjekt. Dette krev stadfesting frå både ny og tidlegare behandlingsansvarleg institusjon, på minimum instituttleiarnivå. 

Endringar du ikkje treng å melde

Døme på endringar som ikkje får følgjer for vurderinga er: 

  • Endring av tittel på prosjektet. 
  • Mindre endringar av talet på informantar. 
  • Ubetydelege endringar av utvalet eller spørsmålsformuleringar. 

Kontakt personverntenestene til Sikt

  • Melding: Logg inn på minforskning.sikt.no og kontakt rådgivar via melding.
  • Chat: Er open kvardagar kl. 12–14. Stengt onsdagar.
  • Telefon: +47 73 98 40 40 kvardagar kl. 10–12. Stengt onsdagar.

Relaterte sider om personvern i forsking