Porteføljestyret for forskings- og kunnskapsressursar
Porteføljestyret skal bidra til den digitale omstillinga innan universitets- og høgskulesektoren gjennom nasjonal styring og samarbeid, innanfor rammene gitt av digitaliseringsstyret.
Møte
Kommande møte
Tidlegare møte
Tilhøyrande tiltak
Cris/NVA-prosjektet
Cris/NVA-prosjektet handlar om å etablere ei felles nasjonal løysing for forskingsinformasjon og kunnskapsarkiv. Tenesta gir oversikt over norsk forsking, gjer publikasjonar ope tilgjengeleg, og legg til rette for gjenbruk av metadata.
Anbod på biblioteksystem
Sikt skal levere gode og kostnadseffektive bibliotektenester til forsking og høgare utdanning, slik at biblioteka kan gi brukarane sine tilgang til dei ressursane dei treng for læring og forsking. Kontrakten med noverande leverandør varer ut 2025.
Data om det norske samfunn (MODANSA)
Data om det norske samfunnet er datasamlingar som strekkjer seg frå slutten av 1700-talet til i dag. Sikt har som oppdrag å arkivere, leggje til rette og formidle desse dataa til forsking og analyse.
Microdata – Cross-FAIR
Microdata.no er ein datainfrastruktur der forskarar, analytikarar og studentar omgåande får tilgang til kopling og analyse av store mengder registerdata. Sikt, SSB og FHI har sendt ei felles skisse til Forskingsrådet, der ein m.a. ønskjer å utvide datatilfanget med helseregisterdata.
Utvikling av nasjonal infrastruktur for bibliometri (NIB)
Nasjonal infrastruktur for bibliometri (NIB) er ein nasjonal database med bibliometriske data på forsking frå heile verda. Målet er å tilby norske forskingsinstitusjonar data til analyse av norsk og internasjonal forsking, for å gjere forskinga betre.
Tilgjengeliggjering og deling av forskningsadministrativ informasjon (TILDE)
TILDE skal gjere det enklare og mindre arbeidskrevjande for forskarar og andre involverte å utføre administrative arbeidsoppgåver knytt til forsking.
Medlemmer i styret
Faste medlemmer | Stilling | Institusjon |
Kjersti Melberg | Forskingsdirektør, leiar av porteføljestyret | UiS |
Jan G. Bjålie | Prodekan for forsking og innovasjon, Det medisinske fakultet | UiO |
Ingelin Steinsland | Prodekan for forsking, Fakultet for informasjonsteknologi og elektroteknikk | NTNU |
Maria Carme Torras Calvo | Avdelingsdirektør. Universitetsbiblioteket | UiB |
Pål Vegar Storeheier | Seksjonsleiar, forskning og utdanningskvalitet | UiT Norges arktiske universitet |
Tord Tjeldnes | IT-direktør | UiA |
Yngve Foss | Forskingsdirektør | OsloMet |
Ellen Hermanrud | Biblioteksjef | USN |
Lise Amy Hansen | Prorektor forskning | AHO |
Geir Arne Rosvoll | Avdelingsdirektør, Universitetsbiblioteket | NMBU |
Trude Eikebrokk | Leiar kunnskapsforvaltning | SINTEF |
Tone Fløtten | Dagleg leiar | Fafo |
Varamedlemmer | Stilling | Institusjon |
Torunn Skofsrud Boger | Biblioteksjef | HiØ |
Anna Løken | Biblioteksdirektør | HINN |
Faste observatører | Stilling | Institusjon |
Katrine Weisteen Bjerde | Fagdirektør | HK-dir |
Johannes Waage Løvhaug | Avdelingsdirektør, forskings- og innovasjonssystemet | Forskningsrådet |
Tidlegare møte i porteføljestyra
Mandat for porteføljestyra
Porteføljestyra skal
- Bidra til at sektorane har relevante strategiar og planar for digitalisering
- Bidra til god måloppnåing og gevinstrealisering av digitaliseringsinvesteringar
- Leggje til rette for samarbeid og betre utnytting av ressursar, teknologi og data
Oppgåver og ansvar
Porteføljestyra skal bidra til den digitale omstillinga i UH-sektoren gjennom nasjonal styring og samarbeid, innanfor rammene gitt av digitaliseringsstyret, ved å:
- Gi tilrådingar til Digitaliseringsstyret
- Være ein arena for dialog og bidra til god samstyring og gevinstrealisering
- Følgje opp status og vedta endringar i porteføljen
- Beslutte og følgje opp produktstrategiar og årlege prioriteringar
- Beslutte oppstart og avvikling av investeringstiltak i tråd med rammetildelingar og mål for felles investeringsmidlar
- Beslutte standardisering av arbeidsprosessar og data
- Anbefale IT-løysings- og teknologival til Sikt
- Leggje til rette for brukarinvolvering i produktråd eller tilsvarande forum
Samansetning
Porteføljestyra skal ha inntil 12 medlemmer med fagleg tyngd innan eitt eller fleire av produktområda og fortrinnsvis i ei leiarrolle på institusjonane sine.
Porteføljestyret skal ha representasjon frå institusjonar som bidreg tyngst når det gjeld fellestenester, samtidig som styret skal representere mangfaldet i sektoren. Samansetninga skal vere både frå administrativ og fagleg leiing og ein skal søkje kjønnsbalanse.
Porteføljestyra kan ha ei større breidd i representasjonen enn i Digitaliseringsstyret. Til dømes kan private universitet og høgskular og institutt- og helsesektoren vere representert i eitt eller fleire av porteføljestyra. Studentane er representerte i porteføljestyret for utdanning og administrasjon.
Medlemmene representerer sektoren og ikkje eigen institusjon. Porteføljestyret, og ikkje enkeltmedlemmene, har faste vararepresentantar som blir kalla inn ved fråfall.
HK-dir har ein fast representant i porteføljestyra som observatør med talerett for å bidra med innsikt frå politiske og strategiske føringar.
Digitaliseringsstyret utnemner porteføljestyra etter tilråding frå Sikt. Sikt er sekretariat for porteføljestyra og legg fram saker i dialog med leiar for porteføljestyret. Produktråd og tilsvarande forum vil både kunne ta initiativ til, og følgje opp saker frå porteføljestyra. Møta er opne, noko som inneber at andre kan delta som observatørar.