Gjennomføre eit prosjekt anonymt

Dersom prosjektet ditt berre behandlar anonyme opplysningar, treng du ikkje melde det til Sikt. Då må du passe på at dataene ikkje på noko vis, eller på noko tidspunkt i prosjektet, kan sporast tilbake til enkeltpersonar. 

Ei behandling blir rekna som anonym dersom det ikkje er mogleg å identifisere enkeltpersonar på noko tidspunkt av datainnsamlinga.

Dersom du berre skal behandle anonyme opplysningar, skal du ikkje melde prosjektet til Sikt.

Kva er anonyme data?

Eit anonymt datamateriale består av opplysningar som ikkje på noko vis kan identifisere enkeltpersonar, verken direkte, indirekte eller via e-post/IP-adresse eller koplingsnøkkel.  

Merk at avidentifiserte data ikkje betyr det same som anonyme data.

Viss ein har avidentifiserte data har forskar/databehandlar/registereigar ein koplingsnøkkel med ID til sjølve datamaterialet. Det kan difor ikkje kallast for anonymt. 

Moglege framgangsmåtar for ikkje å behandle personopplysningar 

Her er nokre moglege framgangsmåtar for ikkje å behandle personopplysningar i forskingsprosjektet.

Intervju og observasjon

Ved intervju og observasjon, registrer data berre i form av notat (ikkje lydopptak). Pass på at ikkje namn eller personidentifiserande bakgrunnsopplysningar blir noterte i datamaterialet. 

Spørjeskjema

Viss spørjeskjema blir innhenta i papirform, og ikkje inneheld utan namn og indirekte identifiserande opplysningar, kan data haldat anonyme.

Nettbaserte spørjeskjema må bruke anonym løysing (m.a. at e-post- til respondenten/IP-adresse ikkje på noko tidspunkt blir knytt til spørjeskjema), og at sjølve spørjeskjemaet ikkje inneheld spørsmål om identifiserande opplysningar.

NB! Dei fleste nettbaserte spørjeskjema inneber registrering av e-post-/IP-adresse. Du må då melde behandlinga, sjølv om det eventuelt berre er tenesteleverandøren som har tilgang til opplysningane. 

Registerdata

Registerdata (aggregert statistikk på gruppenivå) kan brukast utan å melde prosjektet så lenge data er anonyme.

Opplysningane må ikkje kunne tilbakeførast til enkeltpersonar på nokon måte.

Det finst ei rekkje anonyme registerdata tilgjengeleg på nett, m.a. hos Sikt, som formidler data til forsking på vegner av fleiere aktører, deriblant SSB. 

Her kan du søke i Sikt sine datasamlingar.

Kontakt personverntenestene til Sikt

  • Meldingsdialog: Logg inn på minforskning.sikt.no og kontakt rådgivar via meldingsdialogen.
  • Chat: Er åpen kvardagar kl. 12–14
  • Telefon: +47 73 98 40 40 kvardagar kl. 10–12.

Ressurssider for personvern i forsking