Felles vurdering av studentprosjekt
Dersom ein har fleire studentprosjekt med lik tematikk, kort varigheit og låg personvernulempe er det mogleg å melde dei samla til Sikt sine personverntenester. Sikt kan då vurdere prosjekta under eitt.
Felles vurdering er i hovudssak aktuelt for årsstudium og bachelorprosjekt.
Samla innmelding og vurdering inneber at fleire studentprosjekt vert melde i same meldeskjema, og at prosjekta får ei felles vurdering.
Vilkår for felles innmelding
For å gjere felles innmelding må emne- eller fagansvarleg ta på seg ansvaret som prosjektansvarleg.
Det er prosjektansvarleg som skal lage og fylle ut meldeskjemaet, og sørge for at studentprosjekta møter naudsynte vilkår.
Vilkåra for felles innmelding av studentprosjekt er at:
- prosjekta har ein felles brei tematikk. Kva tema studentane skal arbeide med må grovt skisserast i vedlegg til meldeskjemaet. Døme på tema kan vere «Yrkesutøvinga til journalistar eller barnehagetilsette».
- fellesinnmeldinga gjeld minimum 4 studentar.
- prosjekta ikkje skal handsame særlege kategoriar av personopplysingar. Unntak kan vere at personopplysingane allereie er allment kjende, til dømes gjennom intervju med offentlege personar.
- prosjekta nyttar metodar som personleg intervju, gruppeintervju eller spørjeskjema. Det er mogleg å melde inn prosjekt som nytter observasjon som metode, men berre dersom det ikkje skal gjerast video- eller lydopptak.
- alle de samlar inn personopplysingar om får skriftleg informasjon og gir eit dokumenterbart samtykke til prosjektet.
- alle informantane/deltakarane må vere over 18 år og sjølv kunne samtykke til deltaking.
- alle rådata (transkripsjonar, lydopptak osb.) vert anonymiserte innan ein felles dato for prosjektslutt.
- publisering av personopplysingar i ferdige oppgåver/publikasjonar berre kan skje dersom det er gitt eksplisitt samtykke frå kvar enkelt deltakar.
Fyllar ikkje studentprosjekta vilkåra ovanfor, må dei meldast kvar for seg.
Oppgåvene til prosjektansvarleg
Emne- eller fagansvarleg tar på seg ansvaret som prosjektansvarleg, og får følgjande oppgåver:
- Fylle ut meldeskjema og vere kontaktperson for Sikt.
- Lage eit informasjonsskriv basert på malen til Sikt, som studentane bruker som utgangspunkt. Alle delar som er felles skal vere ferdig utfylt, og det skal vere tydeleg kva studentane sjølv skal leggje til.
- Lage klare retningsliner for studentane når det gjeld tematikk for intervju og anna datainnsamling.
- Sørge for at alle studentane følgjer opplegget slik det går fram av meldeskjemaet.
- Sørge for at alle studentane lagar intervjuguide og/eller spørjeskjema, og kontrollere at ingen av prosjekta planlegg å registrere særlege kategoriar av personopplysingar (sensitive data) eller personopplysingar om tredjepersonar.
- Lage ein rutine for at studentane rapporterer skriftleg når rådata er anonymisert.
- Ved dato for prosjektslutt: svare Sikt når vi sender førespurnad om datamaterialet er anonymisert.
Kontakt Sikts personverntenester
Har du oppretta eit meldeskjema?
- Kontakt rådgivaren din: På minforskning.sikt.no kan du sende spørsmål via meldeskjema og få svar.
Har du generelle spørsmål?
- Chat: Du kan sende generelle spørsmål via chat på kvardagar kl. 12–14. Stengt onsdagar.
- Telefon: +47 73 98 40 40 kvardagar kl. 10–12. Stengt onsdagar.
Relaterte sider om personvern i forsking
Personvernhandbok for forsking
Vi rettleier deg gjennom sentrale delar av personopplysningslova, og har temasider om ulike metodar og forskingsområde.
Informasjon til deltakarane
Les om kva informasjon du må gi, og bruk gjerne ein av malane våre for informasjonsskriv til utvalet.
Melde endringar i prosjektet
Viss du gjer endringar i prosjektopplegget som påverkar behandlinga av personopplysningar, må du melde frå.