Faggruppe for Oria
Det er oppretta ei faggruppe for å gi råd til og hjelpe Sikt med prioritering av endringsforslag og justeringar i standardoppsettet for søkjesystemet Oria.
Faggruppa for Oria er utnemnd av Rådgivende gruppe for BIBSYS-konsortiet. Den består av:
- Fredrik Solvang Pettersen (leiar), Sikt
- Adriana Morys-Fornal, Universitet i Bergen (2022–2024)
- Birgit Müller-Nilssen, OsloMet - storbyuniversitetet (2022–2024)
- Jannicke Rusnes Barnes, Universitetet i Stavanger (2023–2025)
- Tone Christine Bøgh, Universitetet i Oslo (2023–2025)
- Jenny Bakken Aslaksen, NTNU (2024–2026)
- Clara A. H. Lunndal, Nord universitet (2024–2026)
- Morten Soma, Nasjonalbiblioteket (2024–2026)
Mandat
Følgjande mandat er vedteke av Rådgivende gruppe (2. juni 2015):
- Faggruppa skal gi råd til Sikt om oppsett, konfigurasjon og utvikling av ekstra funksjonalitet og tilleggstenester knytt til produktet, slik at konsortiet får eit best mogleg og formålstenleg produkt.
- Faggruppa kan også komme med innspel på alternative driftsmodellar, til dømes fleire standardkonfigureringar. Endeleg driftsmodell blir definert av Sikt saman med organa til konsortiet.
- Deltaking i faggruppa føreset aktivitet og lokal forankring i eigen institusjon. Ved behov for ei anna samansetning av kompetanse eller andre forhold kan deltakarane i gruppa endrast.
Kontakt
Har du spørsmål eller synspunkt om faggruppa kan du skrive til arbeidsgruppe_oria@lister.sikt.no.
Brukarstøtte
Treng du brukarstøtte for bibliotektenestene?
For medlemmer i BIBSYS-konsortiet, ta kontakt via support.bibsys.noKontakt
Ønskjer du å vite meir om bibliotektenestene våre?
For andre, fyll ut ein førespurnad i kontaktskjemaet