Faggrupper for Alma
Det er oppretta ulike faggrupper som skal hjelpe og gi råd til Sikt i prioritering av endringsforslag, konfigurering av systemet og handtere endringar i dei ulike områda av biblioteksystemet Alma.
Faggruppe for Resource Management
Medlemmer:
- Ane S. Grydeland, UiT Norges Arktiske Universitet/Sikt (leiar)
- Frank Berg Haugen, Nasjonalbiblioteket (fast plass)
- Geir Helge Kavli, Norges musikkhøgskole (2023–2025)
- Hua Liu, NTNU (2022–2024)
- Stian Grimsskog, Høgskolen i Molde (2024–2026)
- Elisa Storchi, Universitetet i Oslo (2024–2026),
- Carina Thornes, Universitetet i Bergen (2023–2025)
Kontaktinformasjon
Har du spørsmål om katalogisering og format, eller synspunkt på verktøykassa eller rettleiingane, kan du skrive til resourcemanagement@lister.sikt.no.
Faggruppe for Fulfillment
Medlemmer:
- Ann-Louise Skjager, Sikt (leiar)
- Nakkash Afzal, Høyskolen Kristiania (2022–2024)
- Erna Gudmundsdottir, NTNU (2023–2025)
- Therese Gruehagen, Statped (2024–2026)
- Tina Halkinrud, Akershus universitetssykehus (2022–2024)
- Maria Refsdal, Universitetet i Bergen (2023–2025)
- Kjartan Holm Trætteberg, Universitetet i Oslo (2024–2026)
Kontaktinformasjon
Har du spørsmål eller synspunkt om faggruppa, kan du skrive til fulfillment@lister.sikt.no
Faggruppe for Akkvisisjon
Medlemmer:
- Ingrid Mogset, Sikt (leiar)
- Maria Askheimer, UiT Norges Arktiske Universitet (2024–2026)
- Line Eidstø, Nasjonalbiblioteket (2024–2026)
- Kari Jensen, Forsvarets høgskole (2022–2024)
- Truls Moe Lundgren, Universitetet i Sørøst-Norge (2023–2025)
- William Mangerøy* (2022–2024) Universitetet i Bergen
*vikar ut perioden for Inger Line Mæland, som har sluttet - Ulrikke Greve Olufsen, Universitetet i Oslo (2023–2025)
Kontaktinformasjon
Har du spørsmål eller synspunkt til faggruppa, kan du skrive til akkvisisjon@lister.sikt.no.
Mandat for faggrupper knytt til Alma
Alle faggruppene for Alma har same overordna mandat og skal:
- Gi råd til Sikt rundt oppsett og konfigurasjon, og dessutan vurdere moglegheiter for standardisering på tvers i konsortiet.
- Behandle saker og utgreiingar frå Sikt, BIBSYS-styret og konsortiet.
- Ha ei overordna tilnærming til ansvarsområdet og ikkje berre vere fokusert på system eller modul.
- Ta eige initiativ til saker som blir behandla i gruppa.
- Vurdere kva saker som bør stemmast fram av konsortiet til NERS (New Enhancements Request System).
- Ta initiativ til og bidra med dokumentasjon, rettleiingar og anna informasjonsmateriell.
- Identifisere behovet for kompetanseutvikling hos deltakarinstitusjonar i konsortiet og bidra til gjennomføring av ulike arrangement.
- Være ein aktiv bidragsytar til program på BIBSYS-konferansen.
Organisering av faggruppene
Faggruppa skal bestå av ein leiar frå Sikt, og dessutan fire til seks medlemmer frå institusjonar i konsortiet. Medlemmene blir valde for tre år av gongen med rullering slik at gruppa blir sikra kontinuitet. Rullering går føre seg ved at to medlemmer blir bytte ut eitt år, og to medlemmer neste år, og det tredje året blir resterande medlemmer bytte ut. Medlemmer kan re-oppnemnast.
Det er opp til kvar enkelt faggruppe, ved leiar av gruppa, å setje sin eigen dagsorden innanfor rammene av dette mandatet.
Kvar gruppe utarbeider ein årsplan som blir lagd fram for BIBSYS-styret på siste møte før årsskiftet for godkjenning. Saman med planen skal gruppa levere ein rapport som samanfattar kva gruppa har jobba med det siste året og resultatet av dette arbeidet. Leiar av gruppa er ansvarleg for leveransane frå faggruppa og delegerer oppgåver knytt til leveransane på ein formålstenleg måte innanfor gruppa.
Gruppa kan ved behov ha inntil to fysiske møte i løpet av året, og eitt møte blir lagt til BIBSYS-konferansen om mogleg. Anna møtebehov blir dekt via nettmøte. Medlemmene i faggruppa er forventa å måtte jobbe mellom møta. Det er forventa at medlemmene bruker ca. 10 % av arbeidstida på arbeid i gruppa.
Koordinering på tvers av faggrupper
Det skal vere ei koordinering mellom faggrupper knytt til saker som har påverking på tvers av to eller fleire faggrupper. Koordinering skal skje på følgjande måtar:
- Dele informasjon om kva kvar enkelt faggruppe arbeider med til kvar tid, t.d. gjennom deling av årsplanar og referat frå møte.
- Kvar faggruppe må ha eit spesielt fokus på å identifisere om, og evt. kven utanfor nedslagsfeltet i faggruppa som blir påverka av arbeida i gruppa og informere desse om arbeidet som blir gjort.
- Når faggruppene på møta sine skal behandle saker som påverkar området ein eller fleire av dei andre faggruppene er ansvarleg for, bør ein representant frå denne/desse faggruppene delta på møtet.
Ansvaret til leiar av faggruppa
Leiar av faggruppa har følgjande ansvar:
- Sikre at faggruppa har ein godkjend årsplan ved starten av året.
- Sikre at gruppa opererer i samsvar med vedteken årsplan.
- Delegere arbeid til andre medlemmer i faggruppa på ein formålstenleg måte.
- Dagsetje møte i faggruppa og leie desse.
- Ansvar for at faggruppa leverer årsrapport.
- Sikre nødvendig koordinering mellom faggruppene når det er nødvendig.
- Sjå til at gruppa fungerer godt og følgjer mandatet sitt.
Ansvaret til øvrige medlemmer
Det er forventa at dei som er medlemmer i ei faggruppe bidreg godt i arbeidet og ser på faggruppa som eit felles ansvar. Dette inneber:
- Bidra i diskusjonar relatert til ansvarsområdet i faggruppa.
- Delta på møta i faggruppa.
- Utføre oppgåver som blir delegerte av leier.
- Melde frå viss arbeidssituasjonen eller andre forhold gjer det vanskeleg å bidra i faggruppa.
Økonomi
Sikt har tildelt faggruppene eit reisebudsjett for møteaktivitet. Medlemmer får dekt reiseutgifter til møte.
Når møtet blir lagt til BIBSYS-konferansen dekkjer Sikt deltakaravgifta. Institusjonane dekkjer utgifter til ekstra døgn for å gjennomføre faggruppemøtet.
Brukarstøtte
Treng du brukarstøtte for bibliotektenestene?
For medlemmer i BIBSYS-konsortiet, ta kontakt via support.bibsys.noKontakt
Ønskjer du å vite meir om bibliotektenestene våre?
For andre, fyll ut ein førespurnad i kontaktskjemaet