– Blant dei viktigaste tenestene ved UiO

– Sikt bidreg med høg kompetanse. Dei har gode teknikarar som det er fint å sparre med, og som er verdifulle ressursar for oss, seier Petter Bjørbæk ved UiO.

Petter Bjørbæk er seksjonsleiar for nettdrift ved Universitetets Senter for Informasjonsteknologi (USiT), ved Universitetet i Oslo.

Med 2000 aksesspunkt og inntil 26 000 unike brukarar per døgn, er UiO ein stor kunde og bruker av nettverkstenestene til Sikt.

Bjørbæk kjenner tenestene svært godt, då han ikkje berre nyttar dei som kunde, men også har vore med på utvikling og tilrettelegging av fleire av dei.

– Nettverksløysingane frå Sikt er blant dei viktigaste tenestene ved UiO. Kompetansen til Sikt som koordinator for forskingsnettet og korleis Sikt legg til rette for eit felles community, det er ein nøkkel til suksess, sier Bjørbæk.

Det globale Forskningsnettet

Som dei andre statlege høgskulane og universiteta i Noreg er UiO knytta til Forskningsnettet. Bjørbæk beskriv nettverket som ein suksess, og nemner det kraftige infrastrukturen og kompetansemiljøet som spesielt viktig.

I tillegg vektlegg han moglegheitene som Forskningsnettet gir, både nasjonalt og internasjonalt.

– Forskingsnettet har ein god og stabil infrastruktur for overføring av store datamengder. Det gjer at ein kan drive forsking i distrikta med dei same føresetnadene som i dei store byane, og det knyter oss samtidig til internasjonale forskingsnettverk.

Universitetet i Oslo, Blindern. Fotografi.
Foto: Ingar Storfjell/UiO

Sikrer kvalitet på hybrid undervisning

Under pandemien var Forskningsnettet og tenestene til Sikt avgjerande for å sikre kvalitet i utdanninga, f.eks. ved bruk av Zoom.

Då både studentar og lærekrefter vart viste til heimearbeid, var dei avhengig av godt fungerande løysingar som tillét dei å framleis kommunisere med kvarandre.

Undervisningsmetodar for bruk av digitale verktøy som vart nødvendig under pandemien, blir no vidareførte og opnar for nye moglegheiter innan fjernundervisning.

Forskingsnettet gjer det mogleg å utnytte ressursane betre.

-Petter Bjørbæk, seksjonsleiar for nettdrift ved UiO

– Forskingsnettet var avgjerande for å sikre kvaliteten på digital undervisning. Det gjer det mogleg å utnytte ressursane betre, til hybrid undervisning som kombinerer fysiske og virtuelle klasserom, seier Bjørbæk.

– Der løysinga ikkje finst er vi med på å skape ho

Bjørbæk ser stor verdi i å vere del av eit felleskap der kunnskap og erfaring kan utvekslast for å utvikle teknologi og tenester vidare.

– Rundt Forskningsnettet finst eit kollegium av dyktige menneske i Noreg og andre land som er utruleg viktig for oss, seier han. – Eit slikt community lèt oss sparre, dele erfaringar og ikkje minst vidareutvikle Forskningsnettet saman.

Dette samarbeidet blir også vektlagt av Olaf Schjelderup, leiar for Forskningsnettet hos Sikt. Han beskriv nettverket som ein global infrastruktur med heilt spesielle eigenskapar.

– Forskingsnettet skal aldri vere til hinder for, men snarare leggje til rette for ny forsking, seier Schjelderup. – Der løysinga ikkje finst er vi med på å skape ho, i samarbeid med internasjonale forskingsmiljø.

Kompetansen til Sikt som koordinator for forskingsnettet og korleis Sikt legg til rette for eit felles community, det er ein nøkkel til suksess.

-Petter Bjørbæk, UiO

CNaaS fører Forskningsnettet fram til brukeren

For å føre kvaliteten på Forskningsnettet over dørstokken og inn på institusjonane, slik at det kjem forskarar, studentar og tilsette til gode, er ein avhengig av høg kvalitet på lokalnettet.

UiO er ein stor institusjon med mykje kompetanse internt og driftar sitt eige nett, men har vore deltakande i både design og oppstart av CNaaS (Campus Network as a Service) – lokalnett for kunnskapssektoren.

Bjørbæk har stor tru på CNaaS som løysing. Han meiner det spesielt er spesielt nyttig for dei mindre institusjonane, som er avhengig av ei god lokalnettløysing, men som ikkje har ressursar til å drifte eit slikt nett sjølv.

– Etableringa av CNaaS viser korleis ein kan bruke felles verktøy og tankesett til å byggje eit stabilt og sikkert campusnett, og ikkje minst eit community for kunnskapsdeling, seier han.

Ein viktig jobb for sektoren

Med forskingsnettet fram til døra og eit godt lokalnett som bringar den høge kvaliteten inn på institusjonen, er neste steg å tilgjengeleggjere nettverket for brukarane på ein best mogleg måte.

Universitetet i Oslo har i tillegg valt å nytte seg av tenesta Trådløst gjestenett for besøkjande. Bjørbæk beskriv tenesta som påliteleg og ressurssparande for avdelinga.

– Vi kjøper Trådløst gjestenett direkte frå Sikt. Tenesta fungerer fint, ho er god og stabil og ikkje minst gjer tenesta det enkelt for oss, fortel Bjørbæk. – Løysinga er ein viktig jobb Sikt gjer for sektoren totalt sett, både arbeids- og ressursmessig.

Det trygge nettverket eduroam

Ein høg del av dei besøkjande ved UiO er likevel del av den internasjonale eduroam-familien.

Med eduroam (education roaming) blir brukarane automatisk kopla på trådlaust nett ved verksemder som er tilknytta, utan å leggje inn brukarnamn og passord på nytt.

Brukarane vel automatisk eduroam der det finst, fordi dei reknar det som ei trygg hamn å gå til.

-Petter Bjørbæk, UiO

Dette inneber at tilkoplinga til wifi fungerer like enkelt og sikkert som ved heimeinstitusjonen.

Ifølgje Bjørbæk gjer tenesta det enkelt å tilby internett trådlaust til brukarar som bevegar seg mellom fleire institusjonar, og nettverksansvarlege ved UiO sparer tid på support:

– Etter kvart som fleire har fått kjennskap til eduroam får vi færre førespurnader om brukarstøtte. Brukarane vel automatisk eduroam der det finst, fordi dei reknar det som ei trygg hamn å gå til.

Domus media. Fotografi.
Foto: Anders Lien/UiO