Felles vurdering av studentprosjekt
Dersom ein har fleire studentprosjekt med lik tematikk, kort varigheit og låg personvernulempe kan desse meldast samla til Sikt sine personverntenester. Sikt kan då vurdere desse prosjekta under eitt.
Felles vurdering er i hovudssak aktuelt for årsstudium og bachelorprosjekt.
Samla innmelding og vurdering inneber at fleire studentprosjekt vert melde i same meldeskjema, og at prosjekta får ei felles vurdering.
Vilkår for felles innmelding
For å gjere felles innmelding må emne- eller fagansvarleg ta på seg ansvaret som prosjektansvarleg.
Det er prosjektansvarleg som skal lage og fylle ut meldeskjemaet, og sørge for at studentprosjekta møter naudsynte vilkår.
Vilkåra for felles innmelding av studentprosjekt er:
- at prosjekta har ein felles brei tematikk. Kva tema studentane skal arbeide med må grovt skisserast i vedlegg til meldeskjemaet
- døme på tema kan vere «Yrkesutøvinga til journalistar eller barnehagetilsette»
- at prosjekta ikkje skal handsame særlege kategoriar av personopplysingar
- unntak kan vere at personopplysingane allereie er allment kjende, til dømes gjennom intervju med offentlege personar
- at prosjekta nyttar metodar som personleg intervju, gruppeintervju eller spørjeskjema
- det er mogleg å melde inn prosjekt som nytter observasjon som metode, men berre dersom det ikkje skal gjerast video- eller lydopptak
- at alle de samlar inn personopplysingar om får skriftleg informasjon og gjev eit dokumenterbart samtykke til prosjektet
- at alle informantane/deltakarane må vere over 18 år og sjølv kunne samtykke til deltaking
- at alle rådata (transkripsjonar, lydopptak osb.) vert anonymiserte innan ein felles dato for prosjektslutt
- at publisering av personopplysingar i ferdige oppgåver/publikasjonar berre kan skje dersom det er gjeve eksplisitt samtykke frå kvar einskild deltakar
Fyllar ikkje studentprosjekta vilkåra ovanfor, må dei meldast kvar for seg.
Oppgåvene til prosjektansvarleg
Emne- eller fagansvarleg tar på seg ansvaret som prosjektansvarleg, og får følgjande oppgåver:
- Fylle ut meldeskjema og vere kontaktperson for Sikt.
- Lage eit informasjonsskriv basert på malen til Sikt, som studentane bruker som utgangspunkt. Alle delar som er felles skal vere ferdig utfylt, og det skal vere tydeleg kva studentane sjølv skal leggje til.
- Lage klåre retningsliner for studentane når det gjeld tematikk for intervju og anna datainnsamling.
- Sørge for at alle studentane følgjer opplegget slik det går fram av meldeskjemaet.
- Sørge for at alle studentane lagar intervjuguide og/eller spørjeskjema, og kontrollere at ingen av prosjekta planlegg å registrere særlege kategoriar av personopplysingar eller personopplysingar om tredjepersonar.
- Lage ein rutine for at studentane rapporterer skriftleg når rådata er anonymisert.
- Ved dato for prosjektslutt: svare Sikt når vi sender førespurnad om datamaterialet er anonymisert.
Relaterte sider om personvern i forskning
Kontakt
Lurer du på noe, eller vil du vite mer om våre produkter og tjenester?
Vi vil gjerne høre fra deg.