Eksperimentelle studiar og desepsjonsforsking

Eit eksperiment er forsking som inneber at ein manipulerer visse vilkår for å undersøkje verknaden av dette. Når slike prosjekt involverer menneske, kan det oppstå nokre etiske og juridiske utfordringar du som forskar må vere merksam på. 

Eksperiment kan gjennomførast på ulike måtar, til dømes som laboratoriumeksperiment, felteksperiment, kliniske eksperiment eller kvasieksperiment.

Felles for forskingsmetoden er at deltakarar blir utsette for påverkingar som ikkje ville skjedd om dei ikkje hadde deltatt i prosjektet. 

Høge krav til informasjonen

Denne typen forsking stiller høge krav til informasjonen som blir gitt til deltakarane, og forskinga bør baserast på samtykket til deltakarane. 

Deltakarane må få vite kva deltaking i prosjektet inneber, og eventuelle risikoar dette kan ha. I spesielt etisk utfordrande prosjekt kan det vere nødvendig å få ei etisk vurdering av Den nasjonale forskingsetiske komité for samfunnsvitskap og humaniora (NESH). 

Medisinsk og helsefagleg forsking må ha etisk godkjenning frå Regionale komitear for medisinsk og helsefagleg forskingsetikk (REK).  

Desepsjonsforsking 

Desepsjonsforsking er ei eiga undergrein av eksperimentell forsking. Desepsjon, av engelsk ”deception” (bedrag), i forskinga går ut på at deltakarane ikkje kan vere fullstendig informert om kva studien går ut på, då dette kan øydeleggje for formålet med studien. 

Slik type forskning utløser en del etiske og juridiske problemstillinger. Samtidig kan denne måten å forske på gi verdifull innsikt i forhold som aldri ville blitt avdekket dersom deltakerne var kjent med alle forhold og aspekter ved studien på forhånd. 

Du kan lese meir om desepsjonsforsking på nettsidane til FEK (Dei nasjonale forskingsetiske komiteane).

Utfordringar knytt til informert samtykke

Ei utfordring er gyldigheita av samtykket til deltakarane. I desepsjonsforskning gir deltakarane sitt samtykke basert på ufullstendig informasjon. Det strir med krava til eit gyldig samtykke i personvernlovverket.  

Prinsippet om det frie informerte samtykket til deltaking i forsking er også eit sentralt etisk prinsipp. Dei etiske implikasjonane ved å la vere å informere om det reelle formålet vil variere ut frå kva type forsking det er snakk om, og frå person til person.

Deltakaren kan stå igjen med kjensla av å vere «lurt» eller «ført bak lyset». I verste fall kan det gi alvorlege reaksjonar, som følgje av det som blir avdekt om seg sjølv. 

Utfordringar knytt til informasjonskravet

Vidare kan slike studiar stri med krava til informasjon. Personvernlovverket stiller krav til at informasjonen skal givast seinast på det det tidspunktet opplysningane blir registrerte.

For å halde oppe krava til informasjon i personvernlovverket, må formålet beskrivast så breitt at det ikkje avviser det reelle formålet. Du kan ikkje gi direkte misvisande informasjon.

Viss du skal forske på personar som ikkje har samtykkekompetanse, må du utvise ekstra varsemd.

I studiar som inkluderer barn kan ei aktuell løysing vere at dei føresette får fullstendig informasjon, men at barna berre får delvis informasjon om formålet, og eventuelt informasjon om at det er noko forskarane ikkje fortel dei (fordi det vil få dei til å oppføre seg annleis). 

Eit alternativ kan vere å gi stegvis informasjon. Dette inneber at deltakarane må få god informasjon om kva deltaking i prosjektet inneber i forkant av prosjektet. Det bør informerast om at delar av formålet ikkje kan avslørast, og at dei vil få meir informasjon i ettertid. 

I alle tilfelle må du kontakte deltakarane så raskt som mogleg i etterkant av eksperimentet, slik at dei får informasjon om formålet. Deltakarane må få tilbod om å trekkje tilbake sitt samtykke.  

Ting du bør ha tenkt gjennom

Denne typen forsking stiller ein del ekstra krav til forskingsprosjektet, og du bør ha tenkt gjennom nokre moment på førehand: 

  • Du må argumentere godt for kvifor det er nødvendig å gjennomføre prosjektet som desepsjonsforskning. Kvifor er det nødvendig å halde tilbake informasjon? Kan du opplyse om at delar av formålet er halde tilbake, og at deltakarane vil få meir informasjon på eit seinare tidspunkt? 
  • Det er viktig at samfunnsnytta i prosjektet er høg. Du må derfor argument for kvifor nytta av å gjennomføre prosjektet er høgare enn belastninga det kan vere for deltakaren. 
  • Sjølv om du ikkje informerer om det faktiske formålet i prosjektet, må du gi god informasjon om kva deltaking i prosjektet vil innebere. For å halde oppe krava til informasjon i personvernlovverket, må du beskrive formålet så breitt at det ikkje avviser det reelle formålet. Du kan heller ikkje gi direkte misvisande informasjon. Vi tilrår at du tek utgangspunkt i malane våre for informasjonsskriv
  • Det bør gjennomførast ein debriefing i etterkant av datainnsamlinga, der deltakarane får informasjon om det faktiske formålet. Det kan vere aktuelt med ein beredskapsplan i tilfelle deltakarane reagerer sterkt på gjennomføringa av prosjektet. Deltakarane må også få høvet til å trekkje seg frå prosjektet når dei veit kva formålet eigentleg er.  
  • Er det behov for å få ei etisk godkjenning av prosjektet, til dømes av REK eller andre etiske instansar? Les meir om desepsjonsforskning hos De nasjonale forskningsetiske komiteer.

Kontakt Sikts personverntjenester

Har du opprettet et meldeskjema?

  • Kontakt din rådgiver: Bruk meldingsknappen på minforskning.sikt.no til å sende spørsmål til rådgiveren for ditt prosjekt.

Har du generelle spørsmål?

  • Chat: Du kan sende generelle spørsmål via chat på hverdager kl. 12–14. Stengt onsdager.
  • Telefon: +47 73 98 40 40 hverdager kl. 10–12. Stengt onsdager.

Relaterte sider om personvern i forsking