Lisensavtalar og åpen tilgang (LÅT)
Sikt forhandlar og administrerer ei rekkje konsortieavtalar med ulike forlag om tilgang til tidsskrift og andre elektroniske forskingsressursar. Dette gjer vi på vegner av norske forskingsinstitusjonar, slik at dei mellom anna skal ha tilgang til å lese og publisere i vitskapelege tidsskrift.
Avtalane gir tilsette og studentar tilgang til tidsskrift, ordbøker og andre elektroniske ressursar dei treng i arbeidskvardagen sin.
Sikt har totalt 32 avtalar, som vi inngår på vegner av norske universitet og høgskolar, offentlege verksemder samt nokre folke- og fylkesbibliotek.
Open tilgang
Sidan 2019 har det vore auka merksemd i forhandlingane på at avtalane òg skal gi høve til å publisere artiklar opent.
I fleire av tidsskriftavtalene er det også no mogleg for forskarar til å publisere artiklar slik at dei er opent tilgjengelege for alle.
Sikt er nasjonal koordinator for open tilgang (open access) til forskingsartiklar. Arbeidet med open tilgang har som mål at alle i befolkninga skal ha høve til å lese forskingsresultat.
Kva er eit konsortium?
Eit konsortium er eit fellesskap av aktørar som samarbeider om å oppnå eit felles mål eller fordelar for deltakarane i konsortiet. Sikt-konsortia er eit samarbeid om å kjøpe inn e-ressursar, som ei nasjonal teneste for offentlege verksemder.
Fellesskap gjennom konsortium gir betre vilkår
Fordelane med eit konsortium er at vi i fellesskap oppnår betre vilkår når vi forhandlar med forlaga enn det ein ville fått viss kvar einskild institusjon forhandla kvar for seg.
Dette gjelder i første rekke pris og open tilgang til å lese og publisere. Også andre vilkår blir varetatt, som elektronisk fjernlån, høve til å ta utskrifter med meir.
Det at fleire konsortium er samla hos Sikt gjer er at det blir bygd opp kompetanse som fleire institusjonar drar nytte av. Det er eit godt forhandlingskort at ein sentral instans organiserer mykje av arbeidet med avtalane og ikkje minst betalinga av avtalen.
Kva for avtalar har vi?
Sikt har avtalar med ulikt innhald, og institusjonane vel sjølv kva for avtalar dei ønsker å delta i. Konsortieavtalane har dette innhaldet:
- tidsskrift
- tidsskriftspakker
- ordbøker
- referansedatabasar
Kven kan bli medlem i konsortia?
Alle offentlege institusjonar i Noreg som treng tilgang til elektroniske forskingsressursar som inngår i ei konsortieavtale, kan be om å bli medlem.
Meir informasjon på openscience.no
Produkt- og tenestevilkår
Tenestebilag til rammeavtale mellom Sikt, org. nr. 919477822, og Verksemda.
Teknisk beskrivelse/spesifikasjon
Sikt forhandlar og administrerer 40 avtalar med akademiske forlag der særleg UH-, institutt- og helsesektoren deltar. Avtalane gir høve til å lese og publisere forskingsresultat. Dette er ei nasjonal teneste som syter for lettare administrasjon og betre vilkår i avtalar med akademiske forlag.
Institusjonar som deltar i lisensavtalar gir tilslutnad til avtalane dei deltar i via administrasjonssystemet Consortia Manager: https://consortiamanager.com/
Kundens forpliktingar
Deltakarane pliktar å gi formell stadfesting på om dei ønsker å delta i avtalane, og dei pliktar å betale avtalt pris. Dei skal ha éin primærkontakt ved institusjonen.
Servicenivå
Tjenesten har Servicenivå 3. Servicenivået beskriver
- Kontaktpunkter og respons- og svartider tider ved behov for support og for å melde feil.
- Eventuell varsling ved feil og planlagt arbeid.
Særskilt for tenesta Lisensavataler:
- Sikt sender e-post til deltakarane i den einskilde avtalen ved avvik.
- Beskrivelse av support for denne tenesta:
Sikt kontaktar forlaga som tilbyr avtalane dersom det blir oppdaga feil ved tenesta (tilgangsbrudd etc). Dette gjerast omgåande; òg utanfor arbeidstid som nemnt ovanfor. Også forlaga prioriterer dette. Førespurnader som ikkje er tidskritiske vil Sikt behandle fortløpande i kontortida. Erfaringsmessig blir desse førespurnadene svart på innan neste arbeidsdag.
Databehandling, personvern, sikkerheit
Der lisensavtalen er ei lukka teneste, skjer tilgangen gjennom institusjonen sine IP-adressar eller FEIDE.
Deltakaren har underteikna ei fullmaktserklæring som gir Sikt fullmakt til å forhandle og administrere avtalar på vegner av dei. Her pliktar òg deltakarane seg til konfidensialitet:
1. Informasjon om forhandlingane
Opplysninger om forhandlingar som ikke enno er ferdigstilt skal ikkje ut til ålmenta.
2. Opplysningar om konsortiedeltakere
Slik informasjon gis i ConsortiaManger som er eit lukka system for deltakarane og krev innlogging.
Frå fullmaktsavtalen:
«Konsortiedeltager godkjenner at deltagerinformasjon (deltagelse, pris, statistikk o.l.) synliggjøres overfor andre konsortiedeltagere i lukkede fora, herunder inne i ConsortiaManager. Sikt forplikter seg til å se til at innhenting og sammenstilling av ulike data om konsortiedeltagerens publikasjoner er ihht gjeldende regelverk innenfor GDPR.»
Alle deltakere bestemmer selv hvem hos institusjonen som skal ha brukar i ConsortiaManager
Alle deltakere er forpliktet til å orientere om at informasjonen i systemet skal behandles konfidensielt:
Frå fullmaktsavtalen:
«Informasjon om priser og statistikk, herunder forhandlingsforberedelser, er unntatt offentligheten ihht. Offentlighetsloven §23. «Unntak av omsyn til det offentlege sin forhandlingsposisjon m.m.» Konsortiedeltageren forplikter seg til å holde sine ansatte godt informert om dette.»
Varigheit, oppseiing
Dei fleste avtalane Sikt administrere har ein varigheit på tre år, med høve til å melde seg ut éin månad før nytt kalenderår.
Kontakt
Lurer du på noe, eller vil du vite mer om våre produkter og tjenester?
