CLARIN K - Kunnskapssenter for datahandtering
Sikt har status som CLARIN Knowledge Centre for Data Management. Det inneber at vi tilbyr ekspertisen vår innan datahandtering og personvern til eit internasjonalt forskingsmiljø. Vår kompetanse er tilgjengeleg for alle forskarar som ønskjer å arkivere og handtere språkdata.
Digitale tenester som gjer det enklare å handtere og arkivere data
5 tips for god datahandtering
Datahandtering omfattar alt frå sikker innsamling og oppbevaring av data, til arkivering av data når prosjektet er ferdig. Målet er å sikre gode data, som gjer deling og gjenbruk lettare.
Kostnader
Grunnleggjande online informasjon og DMP-verktøyet er ope tilgjengeleg for alle forskarar på alle nivå.
Personleg rettleiing, opplæring og andre tenester til grupper eller forskingsprosjekt kan krevje ein avtale eller betaling.
Les meir om kurs og opplæring fra Sikt