Melde endringar i meldeskjema for personopplysingar

Det hender at ein må endre prosjektet etter at meldeskjema er utfylt og vurdert. Dersom endringarne får følgjer for handsaminga av personopplysingar, må du melde frå til Sikt og få ei ny prosjektvurdering. 

Små endringar treng du ikkje melde, men større endringar kan få følgjer for vurderinga av om prosjektet er i tråd med personvernlovverket.

Kva endringar skal meldast? 

Døme på endringar som kan får følgjer for vurderinga er: 

  • Endring i dato for prosjektslutt, altså dato for når de skal avslutte behandlinga av personopplysingar til prosjektet sitt formål. Dersom datamaterialet allereie er anonymisert før prosjektslutt, skal du ikkje melde frå om utvida prosjektperiode. 
  • Endring i typar av persondata som skal samlast inn, altså om de skal samle inn nye typar særlege kategoriar eller strafferettslege opplysingar. 
  • Tilføying av metodar/datakjelder som inneber handsaming av personopplysingar. 
  • Nye utvalsgrupper. 
  • Endring av utval som får innverknad på kriteria for samtykke, til dømes om du skal inkludere barn, eller personar med redusert samtykkekompetanse. 
  • Endring av prosjektansvarleg. Dette krev stadfesting både frå ny og tidlegare ansvarleg. 
  • Endring av institusjonen som er ansvarleg for forskingsprosjekt. Dette krev stadfesting frå både ny og tidlegare behandlingsansvarleg institusjon, på minimum instituttleiarnivå. 

Kva endringar skal ikkje meldast? 

Døme på endringar som ikkje får følgjer for vurderinga er: 

  • Endring av tittel på prosjektet. 
  • Mindre endringar av talet på informantar. 
  • Ubetydelege endringar av utvalet eller spørsmålsformuleringar. 

Er du usikker? Kontakt oss! 

Viss du er usikker på om ei endring skal meldast eller ikkje, ta kontakt. Du kan sende melding til rådgjevaren for ditt prosjekt via meldingsdialogen i meldeskjemaet. 

Logg inn via minside.nsd.no