Nasjonal infrastruktur for bibliometri (NIB)

Nasjonal infrastruktur for bibliometri (NIB) er ei teneste med bibliometriske data om forsking frå heile verda. Formålet med NIB er å tilby norske forskingsinstitusjonar data til analyse av norsk og internasjonal forsking gjennom tilgang til kjeldene Web of Science (WoS) og OpenAlex.

Bibliometri er ein disiplin som anvender kvantitative analysar på bibliografiske metadata om forsking. Bibliometriske analysar blir nytta i mange ulike kontekstar, mellom anna til berekning av statistikk og indikatorar på forskingsproduksjon og siteringshyppigheit på nasjonalt nivå. Analysane nyttast også innan forskingsleiing, forskingsevaluering og strategisk utvikling på nasjonalt og institusjonelt nivå. Da er det for eksempel mogleg å lage oversikter over kven som samarbeider med kven, kva det blir forska på, kor open forskinga er og kva for fagmiljø som er framifrå innanfor sitt felt.

Erfaringsutveksling og kompetanseutvikling

I tillegg til å tilby teknisk infrastruktur, fasiliterer Sikt Bibliometriforum, eit nettverk og samlingspunkt for utvikling og utveksling av bibliometrisk kompetanse i Noreg med blant anna ein eigen Teams-kanal,. Dette er ein arena for kontakt mellom bibliometrikarar og andre som jobbar med leiingsstøtte og kunnskapsutvikling innan forsking ved norske forskingsinstitusjonar. Målet med Bibliometriforum er å bygge opp eit miljø som kan samarbeide om gode løysningar som fremmer fornuftig bruk av bibliometri.

NIB tilbyr i dag berre bibliometriske data, der WoS berre kan nyttast av Cristin/NVA-institusjonar. OpenAlex er derimot open for alle forskingsinstitusjonar. NIB tilbyr ikkje bibliometriske verktøy for analyse av data, det krevjast derfor noko teknisk kompetanse for å kome i gang med bibliometri. NIB vil derfor sette fokus på utvikling av verktøy og tekniske rutinar.

Kontaktskjema

Vedlegg:

Av sikkerhetsmessige grunner må vedlegg ettersendes. Du vil motta en bekreftelse på oppgitte e-post. Du kan ettersende vedlegg ved å svare på denne e-posten.