Gå til hovedinnhold

Forvaltningsdatabasen

Forvaltningsdatabasen er ei kartlegging av organiseringa til staten i departement og ytre etatar i Noreg etter 1947. Den gir oversikt over den hierarkiske strukturen og korleis denne strukturen har endra seg over tid.

I Forvaltningsdatabasen finn du systematisert informasjon om oppbygginga og virkemåten til den norske statsforvaltninga over ein lang tidsperiode.

Databasen omfattar alle einingar i departementa, og dessutan alle statlege verksemder direkte knytte til departementa, i perioden etter 1947.

Kva kan du bruke dataene til?

Forvaltningsdatabasen gir grunnlag for forsking om organisering og endring i statsforvaltninga i perioden. Den kan også brukast av forvaltninga som grunnlag for å føre ein kunnskapsbasert forvaltningspolitikk i staten. 

Basen omfattar over 5000 unike einingar, der fordelinga er om lag slik:

  • 2400 interne einingar i departementa,
  • 2400 ordinære forvaltningsorgan, forvaltningsbedrifter, eller forvaltningsorgan med særskilde fullmakter
  • 200 statlege selskap
  • 100 statlege stiftingar

Eit register over organisatoriske endringar

Databasen er også eit register over alle organisatoriske endringar desse verksemdene har gått gjennom i løpet av perioden. Databasen inneheld mellom anna:

  • Alle former for skipingar, omorganiseringar og nedleggingar er registrerte, til saman om lag 13 500 registreringar.
  • Data om relasjonane mellom einingar som inngår i ein endringsprosess. 
  • Basisinformasjon om verksemdene, m.a. data om tilsette, lovgrunnlag, årsmeldingar og relevant litteratur som forskingspublikasjonar.
  • Organisasjonsnummer og kopling til Einingsregisteret i Brønnøysund, i tillegg til koplingar til Arkivportalen og Stortingets sakregister. 

Andre aktuelle datasamlinger

Kontaktskjema