Rettleiing for å bestille data
Sikt formidlar tilgang til ei mengde analyseklare forskingsdata om menneske og samfunn. Dataene har ulike tilgangsvilkår, og her får du ei rettleiing til korleis du bestiller.
Finn først datasettene du ønsker å bestille
Datasett finner du ved å søkje etter data i datakatalogen vår: https://sikt.no/tjenester/finn-data
Sjekk tilgangsvilkåra før du bestiller. Nokre data har avgrensa tilgangsvilkår, medan andre er ope tilgjengeleg for nedlastning.
Dersom datasettet er tilgjengeleg ved bestilling, må du fylle ut ei prosjektbeskriving og eit bestillingsskjema for å kunne bestille dataa.
For å bestille data må du følgje framgangsmåten nedanfor.
Trykk på «Logg inn for å bestille datasett»
Du kan logge inn med Feide-konto, Google eller opprette ein ny brukar.
Når dette er gjort må du klikke på «Bestill datasett» ein gong til.
Trykk på handlekorga øvst på sida
Etter å ha klikka på «bestill datasett », klikkar du på handlekorga øvst på nettsida.
Her kan du sjekke at rett datasett er lagt til bestillinga, og eventuelt leggje til fleire datasett.
Når alle datasetta du ønskjer å bestille er lagt til, går du vidare til «Bestill data» i handlekorga.
Skriv inn prosjektbeskriving
Her skriv du inn eit par setningar om prosjektet du ønskjer å bestille dataene til. Du kan finne allereie oppretta prosjekt eller opprette eit nytt prosjekt.
Deretter trykkjer du på «Opprett bestilling» for å komme vidare til bestillingsskjemaet.
Fyll ut bestillingsskjemaet
Under ønskt dataformat kan du velje kva format du ønskjer at dataa skal leverast i. Du kan velje mellom SPSS-, STATA- og CSV-format. Dersom du skal bestille kvalitative data kan du sjå bort i frå dataformat og berre la det stå på SPSS-format.
Oppgi forskingsansvarleg institusjon: Her kan du finne institusjonen din i lista, eller leggje den inn manuelt ved å trykkje på «Institusjon finst ikkje i lista», og skrive inn institusjonsnamn i tekstboksen over.
Kva skal dataene brukast til? Her legg du inn formålet med databestillinga. Dette kan vere til dømes forsking, undervisning eller studentformål. Om du er student må du velje anten «Doktorgrad», «Mastergrad», «Bachelorgrad» eller «Semesteroppgåve» og leggje inn rettleiars e-post under «Legg til rettleier».
Under «Kven skal ha tilgang til data?» legg du inn e-postadressene til alle som skal ha tilgang til data i prosjektet. Husk å bruke e-postadresser som er knytt til forskingsansvarleg institusjon.
Om du vil leggje til fleire epost-adresser, kan du laste opp ei fil som inneheld epost-adressene under «Last opp datamottakere» i bestillingsskjemaet. Fila må vere enten ei tekstfil eller ei CSV-fil. Pass på at fila berre inneheld epost-adressene, og at dei er skilde med enten komma eller linjeskift.
Når du har fylt ut bestillingsskjemaet klikkar du på «Fullfør bestilling». Vi får då bestillinga i systema våre og vil anten godkjenne eller avslå ho, eller be om at du legg inn meir informasjon.
Signer avtale om tilgang til data
Når bestillinga er godkjend, må du signere avtale om tilgang til data for å laste dei ned via minforskning.sikt.no. Alle som er lagt til som datamottakarar i bestillingsskjemaet vil få ein slik signaturførespurnad.
Du kan leggje til fleire datamottakarar i etterkant dersom nye prosjektmedlemmer skal ha tilgang til datamaterialet. I avtalen forpliktar du deg mellom anna til ikkje å prøve å avidentifisere enkeltindivid i datasettet, og ikkje dele data med andre som ikkje er lagt til som datamottakarar i prosjektet.
Du kan signere avtalen digitalt, eller ved å skrive han ut, signere for hand, skanne og laste den opp att.
Dersom du er student og har bestilt data til eit studentprosjekt, må rettleiaren din også signere ei erklæring for at du skal kunne laste ned data via minforskning.sikt.no.
Last ned data via minforskning.sikt.no
Når avtale om tilgang til data er signert og sendt, vil du kunne laste ned datamaterialet via https://minforskning.nsd.no/data-access
Bruk og siter data
Når du har lasta ned dataene, kan du bruke dei i forskingsprosjektet ditt. Hugs at du er forplikta til å sitere all bruk og omtale av data, og at data må siterast i både tekst og referanseliste.
Kvart datasett har sin eigen unike referanse med ein DOI (Digital Object Identifier). Du kan finne denne referansen på nettsida til datasettet. Her har du òg høve til å kopiere referansen i ulike referansestilar, og laste ned referansen til ulike siteringsprogram.
Data som inneheld personopplysningar
Dersom du skal bestille persondata, vil du få beskjed om å leggje ved dokumentasjon på at du har lov til å behandle personopplysningar i forskingsprosjektet ditt.
Kontaktskjema
Kontakt
Lurer du på noe, eller vil du vite mer om våre produkter og tjenester?
