Samfunnsoppdrag og mål
Sikts målgruppe og kundar er verksemder i kunnskapssektoren. Brukarane våre er hovudsakleg studentar, elevar og tilsette i kunnskapssektoren.
For nokre tenester kan det også vere innbyggjarar, næringsliv, tilsette i andre offentlege verksemder, og samarbeidspartnarane deira, som brukar tenestane våre.
Samfunnsoppdraget vårt
- Sikt skal bidra til at verksemder og brukarar i kunnskapssektoren når måla dei har sett seg
- Sikt skal utvikle, forvalte og drifte digitale fellestenester og infrastruktur
- Sikt skal bidra til sikker digitalisering i kunnskapssektoren og leggje til rette for innovasjon
Sikt sine roller
Leverandør av fellestenester
Sikt skal:
- Vere ein føretrekt leverandør og partnar ved å levere gode og kostnadseffektive digitale tenester.
- Levere ein heilskapleg og samanhengande digital grunnmur for kunnskapssektoren og bidra til samarbeid på tvers av sektorar og landegrenser.
- Levere tenester som styrkjer kunnskapssektoren innanfor informasjonssikkerheit, personvern og handtering av data.
- Levere tenester innanfor informasjonssikkerheit og personvern som ein del av risikohandteringsplanen til HK-dir for høgare utdannings- og forskingssektoren. Desse tenestene er definerte i risikohandteringsplanen, som blir godkjend årleg av departementet i Kunnskapsdepartementets styringsmodell for informasjonssikkerheit og personvern.
- Identifisere og forstå brukarbehov, vere ein pådrivar for fellesløysingar og bidra til å realisere strategiar og handlingsplanar.
Leggje til rette for deling og gjenbruk av data
Sikt skal:
- Leggje til rette for dataprodusentar og gjere det enklare å dele og gjenbruke data og tenester i kunnskapssektoren og i andre sektorar.
- Bidra til auka innovasjon, raskare tenesteutvikling og samfunnsnytte gjennom etablering av plattformer og infrastruktur for innhenting, registering, samanstilling og gjenbruk av data i eit økosystem.
- Vere pådrivar for eit sikkert og samanhengande økosystem, nasjonalt og internasjonalt.
Sektorvist responsmiljø for IKT-sikkerhetshendelser (SRM)
Sikt har ansvaret for rolla som sektorvist responsmiljø (SRM) for høgare utdannings- og forskingssektoren. Denne rolla er skildra i NSMs rammeverk for handtering av IKT tryggingshendingar og i HK-dirs sektortilpassing av rammeverket.
Tildelingsbrev
Sikt – Kunnskapssektorens tjenesteleverandør rapporterer til Kunnskapsdepartementet.
Tildelingsbrevet er Kunnskapsdepartementets årlege styringsdokument. Eventuelle endringar eller ytterlegare tildelingar blir formidla gjennom supplerande tildelingsbrev i løpet av året.
Vi viser òg til verksemds- og økonomiinstruks for Sikt. Alle mål og krav Sikt er ansvarleg for, må bli planlagt og realisert innanfor dei angitte rammene. Omtalen i budsjettproposisjonane, og vedtekne lover og forskrifter er utgangspunktet for gjennomføringa av politikken saman med prioriteringar, føringar og krav som blir gitt i dette brevet.
Tildelingsbrevet og eventuelle supplerande tildelingsbrev skal publiserast på nettsidene for verksemda så snart dei er mottekne, jf. Bestemmelser om økonomistyring i staten, pkt. 2.3.2.
Sjå tildelingsbrevet for Sikt