Sende faktura til Sikt
Sikt er ei statleg verksemd og er omfatta av krava i digitaliseringsrundskrivet. Sikts leverandørar må sende fakturaer og kreditnotaer i elektronisk handelsformat (EHF 3.0).
Sikt behandlar ikkje faktura eller kreditnota på papirformat eller PDF-format frå norske leverandørar.
Fakturaadresse for elektronisk faktura
Sikt — Kunnskapssektorens tenesteleverandør
Fakturamottak DFØ
Postboks 4746 Torgarden
7468 Trondheim
EHF: NO919477822
PEPPOL: 0192:919477822 (utenlandske leverandører)
Krav til faktura
- Faktura må vere maskinelt stila til Sikt.
- Faktura må innehalde opplysningar i tråd med forskrift om bokføring.
- Faktura må tilfredsstille formkrav for faktura, og blir returnert om ikkje.
- Faktura må ha påført referanse i gyldig format, eks. 3570xxxx.
- Det er ønskjeleg med betalingsfrist på 30 dagar. Dette er ein anbefalt standard som blir brukt i Statens standardavtaler (SSA).
Kontakt
For spørsmål om fakturabehandling og elektronisk faktura, eventuelt andre spørsmål om faktura frå Sikt:
Kontakt oss