Frå konsulent til teamleiar på litt over eitt år

Martin Skurtveit er ein utviklar i rask utvikling. Han meiner samfunnsoppdraget er ein viktig grunn til at han har Sikt som arbeidsgivar.

Fotografi av Martin Skurtveit

– Eg har ein personleg agenda med å jobbe med noko som er samfunnsnyttig. I Sikt får eg jobbe tett opp mot studie-Noreg, noko som for meg gir meining i arbeidsdagen. Kva er vel meir samfunnsnyttig enn å sørgje for at studentane kan fokusere på å lære?

Løysingane Sikt leverer til universitet, høgskular og forskingsinstitusjonar må fungere optimalt, slik at dei som jobbar med kunnskap i samfunnet kan halde på med nettopp det.

– Eg får jobbe med noko som engasjerer meg, både når det gjeld produkt og teknologi, slik at eg får utvikla meg i den retninga eg ønskjer. I Sikt blir du sett, og folk bryr seg om den jobben du gjer som utviklar, fortel Martin.

Sjå ledige utviklarstillingar i Sikt

Gode moglegheiter for personleg utvikling

I Sikt blir flinke folk løfta fram. Moglegheitene for personleg utvikling mange.

– På litt over eitt år har eg gått frå konsulent, til utviklar, til Scrum-master og no teamleiar. Eg har fått utvikla potensialet mitt på utruleg kort tid innanfor éin og same bedrift, konstaterer Martin.

I tillegg trekkjer Martin fram fleksibiliteten som ei viktig årsak til val av arbeidsplass. Ved sida av jobben som teamleiar, jobbar Martin med start-upen Disputas som lagar eit læringsverktøy.

– For meg er fleksibiliteten vi har heilt avgjerande. Eg har høve til å styre eigen arbeidskvardag, som gjer at eg kan halde på med andre spennande prosjekt ved sida av jobb òg.

Fleksibilitet når det gjeld utstyr er òg noko Martin set pris på.

– I Sikt vel du sjølv operativsystemet, maskinvara og tilbehøyret som passar. Eg får det eg treng, og eg har høve til å tilpasse etter kva som fungerer for meg.