Nye avtalar om skytenester for forsking og utdanning

Heile Europa går saman om å skaffe skytenester for dei neste fem åra.

11. april 2024

Anskaffinga blei nettopp kunngjort i regi av det europeiske forskingsnettsamarbeidet GÉANT, og skal inngå i OCRE – Open Clouds for Research Environments. Nye rammeavtalar er forventa å vere på plass innan utgangen av 2024, og vil strekkje seg over fem år.

Sikt er aktivt med i dette samarbeidet, og tilbyr skytenestene til norsk forsking og høgare utdanning. Den første anskaffinga blei gjord i 2016, og sidan då har norske universitet, høgskular og forskingsinstitusjonar hatt enkel tilgang til innovative, rimelege og sikre skytenester gjennom desse avtalane.

Sikt og GÉANT er bindeledd

Marknaden for kommersielle skytenester er i stadig utvikling, og stadig fleire innanfor forsking og utdanning ser verdien av å ta dei i bruk. Samtidig er det ein uoversiktleg marknad, og det kan vere komplisert å finne dei rette tenestene og ta dei i bruk på rett måte.

GÉANT, saman med Sikt og tilsvarande organisasjonar over heile Europa, samlar opp behova frå forsking og høgare utdanning, og gjennomfører samla anskaffingar innanfor EU-regelverket som varetek alle krav til tilgjengelegheit, tryggleik og personvern. Den samla innkjøpskrafta gir fordelaktige vilkår for alle verksemder som nyttar seg av avtalane.

Skyavtalane frå Sikt og GÉANT gir mange fordelar til norsk forsking og høgare utdanning:

  • Stort utval av skytenester frå både europeiske og amerikanske leverandørar.
  • Enkelt å ta i bruk avtalane, ikkje behov for å gjennomføre ein eigen anskaffingsprosess.
  • Ingen forpliktingar med tanke på varigheit eller volum, verksemdene vel sjølv om og når dei vil ta i bruk avtalane, og i kor stor grad.
  • Enkel kontraktshandtering, hovudkontraktane blir forvalta på fellesnivå.
  • Sikrar at alt skjer innanfor gjeldande anskaffingsregelverk.
  • Alle krav til standardar, sertifiseringar, tryggleik og personvern er vareteke.
  • Fordelaktige vilkår og prisar, og minimale kostnader knytte til anskaffing og forvaltning.
  • Felles europeiske avtalar forenklar samarbeid over landegrensene.
  • Tilpassa tenester, med bruk av eksisterande infrastruktur som Forskningsnettet og eksisterande påloggingsløysingar som Feide.
  • Rådgiving, støtte og oppfølging frå Sikt, m.a. eit eige community for erfaringsutveksling.

Nye avtalar klare mot slutten av 2024

Den nye anskaffinga som er kunngjort skal gjere det endå enklare å velje dei skytenestene som passar behovet for verksemda. Målet er å gjere det mogleg å velje mellom eit utval av tilbydarar, som alle er godt førebudde på å betene forsking og høgare utdanning.

Avtalane skal òg sikre store rabattar, utan krav til volum eller varigheit.

Verksemdene slepp å tenkje på eventuelle endringar i lovar og regelverk på europeisk eller norsk nivå, det blir handtert av den felles kontraktsforvaltninga. Kjøp av tenestene skal kunne skje gjennom dei eksisterande rutinane og systema for verksemdene for bestilling og fakturering.

Kontakt oss

Har du spørsmål om anskaffingsprosessen, eller vil du vite meir om korleis du kan bruke avtalane og skytenestene, kontakt oss på kontakt@sikt.no.

Aktuelt fra Sikt