Vitskapleg publisering i 2023 på nivå med året før

NVI-rapporteringen (Norsk vitskapsindeks) er nå klar. Med 29 134 vitenskapelige publikasjoner som ble rapportert inn for 2023, er resultatet på nivå med året før totalt sett.

23. april 2024

Press release

Sidan 2011 har Norsk vitskapsindeks (NVI) gitt ein årleg status for den vitskaplege aktiviteten ved norske universitet og høgskular, og i instituttsektoren og helseføretaka. Fristen for årets rapportering var 12. april.

Totalt blei det rapportert 29 134 vitskaplege publikasjonar i 2023. Dette er omtrent på same nivå som 2022, der det blei rapportert 29 167 vitskaplege publikasjonar.

21 411 publikasjonar er publiserte på nivå 1, medan 7 723 er publiserte på nivå 2, som gir ekstra utteljing.

Sjå all statistikk frå NVI-rapporteringa på cristin.no

graf
Oversikt over talet på vitskaplege publikasjonar som er rapporterte i perioden 2011–2023 (Kilde: cristin.no)

Fakta om NVI-rapporteringa

  • I 2011 fekk Noreg felles rapportering av vitskapleg publisering for UH-sektoren, instituttsektoren og helseføretaka. Den norske publiseringsindikatoren omfattar alle desse tre sektorane.
  • Norske universitet og høgskular, forskingsinstitutt og helseføretak er pålagt å rapportere den vitskaplege aktiviteten sin, og denne inngår i Norsk vitskapsindeks (NVI). Sidan 2011 har denne indeksen gitt ein årleg status for den vitskaplege aktiviteten i Noreg.
  • Rapporteringa har skjedd via Cristin, det nasjonale forskingsinformasjonssystemet. Frå 2025 vil rapporteringa skje via Nasjonalt kunnskapsarkiv, der ein både får tilgang til informasjon om norsk forsking, og sjølve forskingsresultatet (t.d. publikasjonen, artikkelen) blir gjord ope tilgjengeleg.
  • Publikasjonskanalane som gir utteljing på NVI-rapporteringa er inndelt i to nivå. Nivå 1 gir normal utteljing, medan nivå 2 gir ekstra utteljing og omfattar dei største og mest kvalitetskrevjande kanalane. Nivået blir fastsett av Det nasjonale publiseringsutvalet.
  • Akkurat no går det føre seg ei utgreiing om publiseringsstatistikken og registeret over vitskaplege publiseringskanalar.
  • I rapporteringa for i år er UH-sektoren for første gong ikkje ein del av den resultatbaserte omfordelinga, medan ho blir vidareført for institutt- og helsesektoren.

Aktuelt fra Sikt