Skulevalet 2023: Klar borgarleg framgang
Skulevalet for 2023 er avslutta, etter veker med debattar, valtorg og til slutt røystingar. Frp og Høgre går kraftig fram, samanlikna med skulevalet som blei arrangert i samband med kommune- og fylkestingsvalet i 2019.
5. september 2023
Press release
Frp aukar frå 8,1 % i 2019 til 19,5 % i år, og har med det den største auken av alle partia, på 11,4 prosentpoeng. Med 21,9 % er Høgre oppe på 20-talet for første gong sidan 2013, og aukar med 8,9 prosentpoeng.
Ap går tilbake med 9,5 prosentpoeng frå 26,5 % til 17 %, og er med det partiet som taper flest røyster samanlikna med skulevalet i 2019.
MDG har òg ein stor nedgang, frå 10,9 % til 3,8 %. Raudt går òg tilbake, frå 5 % til 2,7 %. Det same gjeld Sp, som går frå 8,1 % til 6,0 %.
Venstre mistar òg nokon røyster, men med ein tilbakegang på berre 0,7 prosentpoeng ligg dei ganske stabilt med sine 9,4 %.
Av parti som aukar saman med Høgre og Frp, finn vi SV med 1,3 prosentpoengs auke, frå 9,8 % til 11,1 %. KrF bevegar seg òg noko oppover, frå 2,3 % til 2,8 %.
Sjå alle resultat på skolevalg.sikt.noSkulevalet er demokratiopplæring
– Skulevalet er ein viktig del av demokratiopplæringa til elevane i skulen. Gjennom skulevalet får elevane høve til å delta i politiske diskusjonar, få kunnskap om politiske retningar og sjølv røyste. Dette er viktigare enn sjølve resultatet, seier divisjonsdirektør Bjørn Lescher-Nuland i Utdanningsdirektoratet.
391 skular var påmelde skulevalet i år. Nesten 140 000 elevar har røysta, og valdeltakinga ligg på 76,3 prosent.
– Eg er glad for at så mange skular bruker skulevalet som ein arena for å auke demokratiforståinga til elevane. Her får dei øve opp evna til å tenkje kritisk, lære seg å handtere meiningsbrytningar og respektere usemje, seier Lescher-Nuland.
Skulevalet blei gjennomført som urneval, til liks med det ordinære valet.
Skulevalundersøking - data om ungdom sine haldningar
I etterkant av valet, får elevane tilbod om å delta i ei skulevalundersøking. Undersøkinga gir innsikt i norske ungdommars haldningar om politikk og samfunn.
Dette er unike data som blir tilgjengeleggjorde for alle i anonymisert form. Skulane kan altså sjølv bruke desse dataa i undervisningsopplegg
Elevane kan dermed få prøve seg som forskarar, og samanlikne eigne resultat og svar med andre skular. I tillegg kan dei samanlikne svara sine med resultata frå ei valundersøking som omfattar heile befolkninga.
Om tala og valet i 2023
- Valdistrikta i skulevalet er likte som fylkestingsvalet 2023. Desse svarer til fylkesinndelinga per 1.1.2024.
- Samanlikningar av resultat er gjorde med førre skuleval under kommune- og fylkestingsvalet i 2019.
- Moglegheita for å registrere resultat frå skulane blei stengde tysdag 5. september kl. 16.30. Då hadde 368 av 391 påmelde skular registrert resultata sine. Fram til 13. september kan skular etterregistrere og korrigere eventuelle feil i innmeldt resultat.
- Då registreringsportalen stengde tysdag kl. 16.30, låg Raufoss vgs dobbelt i resultata som blir vist på skolevalg.sikt.no. Dette avviket blei korrigert i excelfilen som blei sendt ut til journalistar, og vil bli korrigert på skolevalg.sikt.no onsdag 6. september.
34 år med demokratiopplæring og datainnsamling
- Skulevala er ein del av demokratiopplæringa i norsk skule. Skuleval, skuledebattar og valtorg skal gi elevane opplevinga av å vere ein aktiv medborgar i eit demokrati. Elevane skal øve opp evna til å tenkje kritisk, lære seg å handtere meiningsbrytningar og respektere usemje.
- Ordninga med å arrangere skuleval har eksistert sidan 1989. Sidan den gongen har det blitt gjennomført skuleval annakvart år i samband med dei ordinære vala.
- Utdanningsdirektoratet samarbeider med Sikt – Tenesteleverandøren til kunnskapssektoren, om skulevalet. Valdirektoratet bidreg med informasjon om det ordinære valet.
- Før 2023 var det NSD – Norsk senter for forskingsdata som arrangerte skuleval på oppdrag frå Utdanningsdirektoratet. I 2022 blei NSD ein del av Sikt.