Ny datautgiving: ESs multinivå-data har blitt endå meir tilgjengeleg
Vi har no publisert ein ny runde med multinivå-data frå European Social Survey (ESS). Denne utgivinga gjer det enklare enn nokon gong å utforske og analysere data frå ESS i lys av omstenda som respondentane lever i.
11. april 2024
ESS multinivå-data er ei samanstilling av data frå European Social Survey (ESS) og kontekstuelle data samla inn frå fleire ulike datakjelder. På denne måten kan du analysere svara frå ESS-respondentane i relasjon til konteksten som respondentane lever i.
Vi har samla inn data frå kjelder som Eurostat, OECD, UNESCO, FN og Verdsbanken. Dataene dekkjer tema som demografi og populasjon, økonomi, utdanning, politiske institusjonar, helse, kriminalitet og migrasjon.
Det finst data på landsnivå tilgjengeleg for alle temaa. For nokre tema har vi òg henta data på regionalt nivå for landa som deltok i ESs runde 10, dei såkalla
Ny publiseringsmetode gjer innhaldet meir tilgjengeleg
Tidlegare publiserte vi multinivå-data via det gamle programmet vårt for metadatabehandling, Nesstar. Etter at vi gjekk over til nye system og ny dataportal har multinivå-filene framleis vore tilgjengeleg, men utan at metadata har vore tilgjengeleg i dataportalen.
Før den nyaste utgivinga av multinivå-data, bestemde vi oss for å gjere både data og metadata tilgjengeleg via ESs dataportalen, og dette har teke noko lengre tid enn først anteke.
Med denne oppgraderinga kan du no kan sjå gjennom metadata, og klikke deg gjennom grafar, for å få ein idé om innhaldet i datafilene før du lastar dei ned.