Gjennombrot i forhandlingane med Taylor & Francis

Sikt er glade for å melde at det er semje om enda ein avtale som sikrar open publisering, denne gongen med forlaget Taylor & Francis.

21. februar 2023

Press release

Sidan sommaren 2022 har Sikt forhandla med ei rekkje utgivarar av vitskapeleg litteratur. Dei største av desse er Sage, Springer Nature, Taylor & Francis og Wiley. Dei viktigaste krava for å inngå avtalar har vore følgande: 

  • Det skal ikkje vere avgrensingar i tal på artiklar som kan publiserast opent tilgjengeleg. 
  • Kostnadane i avtalene skal reduserast. 
  • Det skal vere arkivrettar til tidlegare lisensar. 

Forhandlingar i tett dialog med forhandlingsrådet

Dialogen mellom Sikt og Taylor & Francis har trekt ut i tid, men det er no semje om ein ny avtale som i hovudsak imøtekjem krava. 

I heile prosessen har Sikt sitt forhandlingsråd, som er samansett av verksemds- og bibliotekleiarar ved forskingsinstitusjonane, vore tett involvert i forhandlingane. På bakgrunn av mandatet sitt har dei gitt tilrådingar for mottatte tilbod.  

– Taylor & Francis har kome oss i møte på alle punkt som er viktige for oss. Forlaget er særleg kjent for å vere ein av dei største utgivarane av humaniora, også nordisk humaniora. Det gjer at dei humanistiske forskarane våre har høve til å lese og publisere i ei rekkje tidsskrift av god kvalitet, seier Maria-Carme Torras Calvo, som er bibliotekdirektør ved Universitetet i Bergen og medlem i Sikt sitt forhandlingsråd.  

Det gjer at dei humanistiske forskarane våre har høve til å lese og publisere i ei rekkje tidsskrift av god kvalitet.

- Maria-Carme Torras Calvo, bibliotekdirektør ved Universitetet i Bergen og medlem i Sikt sitt forhandlingsråd.  

Open tilgang til forskingsresultat

Sikt leverer digitale tenester til kunnskapssektoren i form av infrastruktur, data og fellestenester. Dei skal fylle dei overordna måla om digitalisering, datadeling og open forsking, og dette gjerast i samspel med brukarar og kundar. 

– Vi er glade for at Sikt har fått forhandla fram en ny og betre avtale med Taylor & Francis. Avtalen kjem samfunnet til gode ved at det er open tilgang til forskingsresultat. Samstundes bidrar den til å oppfylle regjeringa sitt mål om at vitskapelege artiklar frå offentleg finansiert forsking skal gjerast opent tilgjengeleg innan 2024, seier Vigdis Namtvedt Kvalheim som er divisjonsdirektør i Sikt. 

Sikt arbeider no med påmelding i avtalen og informasjon til biblioteka. I 2022 var det 43 forskingsinstitusjonar som deltok i denne avtalen, slik at det er svært mange norske forskarar som har glede av lesing og publisering i Taylor & Francis sine tidsskrift. 

Avtalen kjem samfunnet til gode ved at det er open tilgang til forskingsresultat.

-Vigdis Namtvedt Kvalheim, direktør for Divisjon for forsknings- og kunnskapressurser, Sikt. 

For meir informasjon om avtalen, kontakt oss på lisensavtaler@sikt.no, eller ta kontakt med biblioteket ved deltakarinstitusjonane.  

Aktuelt fra Sikt