Kommunedatabasen

Kommunedatabasen består av omfattande registeropplysningar frå norske kommunar frå 1796 til 2018. Den inneheld om lag 400 000 variablar om ulike emnegrupper.

Totalt inneheld Kommunedatabasen nærmere 400 000 variabler om hver kommune, om emnegrupper som demografi, økonomi, arbeidsliv, offentlege finansar, politikk, helse, utdanning, kultur, samferdsel og naturressursar.

Det er Sikt som set saman registeropplysningar frå ulike register og datakjelder i Kommunedatabasen. Formålet er gi å enklare tilgang til data for kunnskaps- og forskingssektoren.  

Det har vore ein pause i oppdatering av databasen, men Sikt har etablert eit prosjekt for å sjå på moglegheita for å modernisere dataplattforma og ta opp att arbeidet.

Statistikk om sentrale tema for norske kommuner

Oppbygginga av Kommunedatabasen starta allereie på 1960-talet. Mesteparten av datatilfanget er tilrettelagd og levert av andre dataleverandørar, først og fremst Statistisk sentralbyrå (SSB).

Unikt for basen er at data kan hentast ut for gjeldande kommunegrenser for kva år som helst. I tillegg inneheld tenesta historiske kommunekart.

Emnegrupper

  • Naturressursar og miljø (1865–2017). Omfattar data om areal, avfall og avløp 
  • Befolkning (1769–2019). Omfattar alle folketeljingar og demografiske data som fødde, døydde, flytting, ekteskap, skilsmisser, fødestad. 
  • Arbeidsliv (1835–2017). Yrkes- og næringsstatistikk, arbeidstakarstatistikk, tilsette i stat og kommune, arbeidsledige. 
  • Næringsverksemd (1875–2012). Statistikk om industri, varehandel og byggjeareal, og bedrifts-, jordbruks- og handverksstellingar. 
  • Val og folkeavstemmingar (1829–2017). Valmannsval, val til Storting, fylkesting og kommunestyre. Røysterettsteljingar og folkeavstemmingar. 
  • Offentlege finansar (1945–2016). Statistikk over skatt, inntekt, formue og arbeidsgivaravgift. Inneheld ei omfattande oversikt over kommunerekneskap. 
  • Utdanning (1950–2017). Statistikk som gjeld barnehagar, grunnskular, vidaregåande skular, høgare utdanning og vaksenopplæring. Inneheld også data om utdanningsnivå.
  • Helse og sosiale forhold (1867–2017). Helsedata, personell, tiltak og institusjonar. Inneheld også Kommunal monitor og noko kriminalstatistikk. 
  • Bygg og bustader (1865–2017). Bustadstatistikk og byggjearealstatistikk. 
  • Samferdsel (1977–2008). Vegtrafikkulykker og motorkøyretøy. 
  • Fritid, kultur, språk, religion (1845–2016). LO-medlemmer, kino, målvedtak, kyrkjestatistikk, trussamfunn og etniske grupper. 
  • Kommunetypologiar og anna (1918–2018). Kommunetypologiar, regionale inndelingar, tipping, TV-aksjonar, personminutt (reisetid inn til kommunesenter), opningstider, kommuneundersøkingar osb.

 

Vedlegg:

Av sikkerhetsmessige grunner må vedlegg ettersendes. Du vil motta en bekreftelse på oppgitte e-post. Du kan ettersende vedlegg ved å svare på denne e-posten.