Rettleiing for å bestille data

Sikt formidlar tilgang til ei mengde analyseklare forskingsdata om menneske og samfunn. Dataene har ulike tilgangsvilkår, og her får du ei rettleiing til korleis du bestiller.

Finn først datasettene du ønsker å bestille

Datasett finner du ved å søkje etter data i datakatalogen vår: https://sikt.no/tjenester/finn-data

Sjekk tilgangsvilkåra før du bestiller. Nokre data har avgrensa tilgangsvilkår, medan andre er ope tilgjengeleg for nedlastning.

Dersom datasettet er tilgjengeleg ved bestilling, må du fylle ut ei prosjektbeskriving og eit bestillingsskjema for å kunne bestille dataa.

For å bestille data må du derfor følgje framgangsmåten nedanfor.  

Du kan logge inn med Feide-konto, Google eller opprette ein ny brukar.

Når dette er gjort må du klikke på «Bestill datasett» ein gong til.  

Etter å ha klikka på «bestill datasett », klikkar du på handlekorga øvst på nettsida.

Her kan du sjekke at rett datasett er lagt til bestillinga, og eventuelt leggje til fleire datasett.

Når alle datasetta du ønskjer å bestille er lagt til, går du vidare til «Bestill data» i handlekorga.  

Her skriv du inn eit par setningar om prosjektet du ønskjer å bestille dataene til. Du kan finne allereie oppretta prosjekt eller opprette eit nytt prosjekt.

Deretter trykkjer du på «Opprett bestilling» for å komme vidare til bestillingsskjemaet.  

Under ønskt dataformat kan du velje kva format du ønskjer at dataa skal leverast i. Du kan velje mellom SPSS-, STATA- og CSV-format. Dersom du skal bestille kvalitative data kan du sjå bort i frå dataformat og berre la det stå på SPSS-format.  

Oppgi forskingsansvarleg institusjon: Her kan du finne institusjonen din i lista, eller leggje den inn manuelt ved å trykkje på «Institusjon finst ikkje i lista», og skrive inn institusjonsnamn i tekstboksen over.  

Kva skal dataene brukast til? Her legg du inn formålet med databestillinga. Dette kan vere til dømes forsking, undervisning eller studentformål. Om du er student må du velje anten «Doktorgrad», «Mastergrad», «Bachelorgrad» eller «Semesteroppgåve» og leggje inn rettleiars e-post under «Legg til rettleier».  

Under «Kven skal ha tilgang til data?» legg du inn e-post-adressene til alle som skal ha tilgang til data for dette prosjektet. Etter at du har lagt inn ei e-post-adresse må du trykkje på sidan for at det skal komme opp ein ny e-post-boks.  

Når du har fylt ut bestillingsskjemaet klikkar du på «Fullfør bestilling». Vi vil då få bestillinga i systema våre og anten godkjenne, avslå ho, eller be om at du legg inn meir informasjon.  

Når bestillinga er godkjend, må du signere avtale om tilgang til data for å laste dei ned via minforskning.sikt.no. Alle som er lagt til som datamottakarar i bestillingsskjemaet vil få ein slik signaturførespurnad.

Du kan leggje til fleire datamottakarar i etterkant dersom nye prosjektmedlemmer skal ha tilgang til datamaterialet. I avtalen forpliktar du deg mellom anna til ikkje å prøve å avidentifisere enkeltindivid i datasettet, og ikkje dele data med andre som ikkje er lagt til som datamottakarar i prosjektet.

Du kan signere avtalen digitalt, eller ved å skrive han ut, signere for hand, skanne og laste den opp att.

Dersom du er student og har bestilt data til eit studentprosjekt, må rettleiaren din også signere ei erklæring for at du skal kunne laste ned data via minforskning.sikt.no.  

Når avtale om tilgang til data er signert og sendt, vil du kunne laste ned datamaterialet via https://minforskning.nsd.no/data-access  

Data som inneheld personopplysningar  

Dersom du skal bestille persondata, vil du få beskjed om å leggje ved dokumentasjon på at du har lov til å behandle personopplysningar i forskingsprosjektet ditt etter at bestillingsskjemaet er sendt inn.   

Vedlegg:

Av sikkerhetsmessige grunner må vedlegg ettersendes. Du vil motta en bekreftelse på oppgitte e-post. Du kan ettersende vedlegg ved å svare på denne e-posten.