Sjekkliste før innsending av meldeskjema

For å spare tid under utfylling og sikre at prosjektet gjer informerte val, er det lurt å ha tenkt gjennom eit par ting i forkant.

Her har vi laga ei hugseliste for ting du bør ta stilling til før du sender inn skjemaet. 

1. Tenk gjennom nokre sentrale spørsmål

  • Kva skal du forske på? 
  • Kven er utvalet? 
  • Kva metodar skal du nytte? 
  • Kva personopplysningar treng du for å svare på problemstillinga di? 

Avhengig av kva og kven du skal forske på, kan det vere ulike problemstillingar eller krav du bør vere klar over.

Sjå personvernhandboka vår for rettleiing til ulike tema.

2. Utform eit informasjonsskriv 

Lova stiller klare krav til kva informasjon deltakarane må få i forkant av datainnsamlinga. Om innsamlinga skal vere halde unna informasjonsplikta må du argumentere godt for dette.  

Informasjonsskrivet skal hjelpe dei du behandlar opplysningar om til å forstå kva opplysningar du skal samle inn, og kva det inneber for dei.  

Sjå kva du må informere om og bruk gjerne malane våre for informasjonsskriv

3. Utform aktuelle vedlegg

Før vi kan gjere ei vurdering av prosjektet må eventuelle spørjeskjema, intervjuguidar og/eller variabellister vere lasta opp.  

Viss du skal gjennomføre intervju, treng vi ikkje nødvendigvis å sjå alle spørsmåla du skal stille, men få ei generell forståing av kva opplysningar som blir registrerte.

Om prosjektet skal få data frå SSB, må variabellistene lastast opp i formatet til SSB sitt bestillingsskjema.  

4. Minimer ulempa for personvernet

All behandling av personopplysningar inneber ei viss ulempe for personvernet. Kor stor denne potensielle ulempa er, avheng ulike faktorar. Til dømes: 

  • Kor mange opplysningar som blir registrerte, både per person og totalt i prosjektet 
  • Kor sensitive opplysningane er 
  • Kor godt data blir sikra
  • Kor lenge data blir oppbevarte
  • Kor mange som har tilgang 

Tenk igjennom kva faktorar som bidreg til personvernulempe i prosjektet ditt, og kva du kan gjere for å redusere ulempa.  

Vurder om du treng alle variablane, om du kan unngå å registrere særlege kategoriar, og om kor tid det er mogleg å anonymisere datamaterialet. Tenk over om heile prosjektgruppa skal ha tilgang til alt materialet, eller om de kan legge til fleire sikringstiltak.

Eit prosjekt med høgare personvernulempe krev generelt ei meir omfattande vurdering.

Høg personvernulempe medfører også høgare krav til prosjektet og den avveginga som blir gjord: At prosjektet er godt strukturert, at opplysningane blir lagra på ein sikker måte osv. 

Les meir om personvernulempe og DPIA for prosjekt med høg ulempe

5. Sett deg inn i retningslinjer for informasjonssikkerheit 

Institusjonen du tilhøyrer har retningslinjer for informasjonssikkerheit og datahandtering som du må følgje.

I retningslinjene finn du informasjon om korleis data skal lagrast, kva sikringstiltak som krevst og kva leverandørar for spørjeskjema som institusjonen har avtalar med.

Retningslinjene finn du som regel på institusjonen sine nettsider og/eller interne sider. Forhøyr deg med rettleiaren din, kollegaer/leier, eller personvernombod.  

6. Undersøk om du treng godkjenningar/løyve

I nokre forskingsprosjekt kan det vere nødvendig å søkje løyve for å kunne gjennomføre prosjektet.  

  • Skal du forske ved ein institusjon (skule, fengsel, sjukehus, arbeidsplass, osb.) er det viktig å få løyve frå leiinga.  
  • Viss du skal få innsyn i teiepliktig informasjon kan det vere aktuelt å søkje om dispensasjon frå teieplikta.  
  • For prosjekt som blir omfatta av helseforskingslova, må du ha ei etisk godkjenning av Regionale komitear for medisinsk og helsefagleg forskingsetikk (REK). 

Tips! Les hjelpetekstene undervegs 

I meldeskjemaet finst det hjelpetekstar ved dei fleste punkta. Hald musepeikaren over det vesle spørsmålsteiknet for å lese hjelpetekstane. 

Kontakt personverntenestene til Sikt

  • Meldingsdialog: Logg inn på minforskning.sikt.no og kontakt rådgivar via meldingsdialogen.
  • Chat: Er åpen kvardagar kl. 12–14
  • Telefon: +47 73 98 40 40 kvardagar kl. 10–12.

Relaterte sider for personverntenester i forsking