Open tilgang til forskingsartiklar 

Sikt er nasjonal koordinator for open tilgang (open access) til forskingsartiklar. Arbeidet med open tilgang har som mål at alle i befolkninga skal ha høve til å lese forskingsresultat.

Open tilgang (open access, OA) betyr fri, online tilgang til forskingsartiklar. 

Kvifor open tilgang?

Arbeidet med open tilgang (open access, OA) har som mål at alle i Noreg skal ha høve til å lese forskingsresultat utan betalingsmur.

Avtalane Sikt inngår med vitskapelege forlag skal gjere det mogleg for forskarar å gjere artiklane sine opent tilgjengelege. 

Forhandler avtalar som gir open tilgang

Sikt har som prioritet å forhandle fram og administrere avtalar som gir open tilgang til forskingsresultat.

Avtalane oppfyller nasjonale krav om open tilgang og Forskingsrådets krav i høve til Plan S. Eit eige råd for konsortieforhandlingar gir òg retning til forhandlingane.  

Informerer om koreleis forskarar kan bidra

Vi informerer om korleis ein kan publisere opent, blant anna gjennom rolla vår som redaktør for nettstaden openscience.no

Her deler vi nyheiter og gir oversyn over arrangement der ein kan lære meir.

Vi lagar òg statistikk i høve til avtalane og publiserer eit eige «OA-barometer» som viser veksten i open tilgang i Noreg.