ISSP - International Social Survey Programme

ISSP er ein internasjonal spørreundersøking som blir gjennomført årleg via medlemslanda i organisasjonen. Sikt har ansvaret for å gjennomføre undersøkinga i Noreg.

ISSP – International Social Survey Programme har gjennomført årlege intervjuundersøkingar sidan 1985. Formålet er å samle inn samanliknbare data til forsking om alt frå sosial ulikskap, helse og helsetenester, til religion og samfunnsdeltaking.

Data frå den norske delen av undersøkinga blir gjort tilgjengelege av Sikt via Surveybanken. Alle data, også dei internasjonale, blir gjort tilgjengelege via GESIS (Leibniz Institute for the Social Sciences), som er dataarkiv for ISSP.

I 2022 var tema familie og kjønnsroller. Dette er femte gong det har blitt samla inn data om familie og kjønnsroller i ISSP.

Undersøkinga blei gjennomført i perioden desember 2022 til mars 2023 og gir verdifull innsikt i endra haldningar til familie og kjønnsroller.

Kan spore endringar i haldning til kvinner si deltaking i arbeidslivet

Tala frå 2022-undersøkinga viser mellom anna at det dei siste 20 åra har vore store endringar i samfunnsnormer og forventningar rundt kvinners roller i balansen mellom yrkesliv og familieliv i Noreg.

Dette viser seg til dømes i haldningane til om kvinner bør arbeide når dei har små barn.

I 2002 meinte 55 % at kvinner med barn under skulealder burde jobbe deltid. Berre 14 % meinte dei burde jobbe heiltid, medan heile 31 % meinte dei burde vere heime.

I 2012 hadde meiningane byrja å endre seg. Då støtta 33 % heiltid, medan 55 % framleis føretrekte deltid. Andelen som meinte kvinner burde vere heime fall til 12 %.

Den største endringa kom i 2022. Heile 60 % meinte då at kvinner med små barn burde jobbe heiltid. Støtta for deltid fall til 35 %, og berre 4 % meinte kvinner burde vere heime.

Utforsk ISSP-data frå 2022 med tema familie og kjønnsroller

Om dataane

Tema for undersøkinga varierer, men same tema blir gjenteke med nokre års mellomrom slik at det blir mogleg å måle både endringar i handlingsmønster og haldningar over tid, og dessutan skilnader mellom ulike land og kulturar.

Tema dekkjer område som religion, sosial ulikskap, verdiar, familie og kjønnsroller, osb.

Data er fritt tilgjengeleg for forskarar og studentar innan universitets- og høgskulesektoren.

Om ISSP

ISSP er en internasjonal organisasjon som gjennomfører årlege intervjuundersøkingar i sine medlemsland, hovudsakeleg innan fagfelta statsvitenskap og sosiologi.

Per januar 2025 er det 44 medlemsland i ISSP. Sikt er norsk medlem i organisasjonen, og ansvarleg for å samle inn og gjere data frå Noreg tilgjengelege. 

I Noreg har det blitt samla inn data til ISSP sidan 1989 då NSD – Norsk senter for forskningsdata AS blei medlem av ISSP. Då NSD blei del av Sikt i 2022, overtok Sikt oppdraget med å gjennomføre undersøkingane i Noreg.

Sjå offisiell nettside for ISSP og komplett liste over medlemsland

Relaterte produkt og tenester