Digital Object Identifier (DOI)

DOI – Digital Object Identifier – er ein internasjonal standard som gir institusjonar og forskarar global synlegheit. Tenesta gjer det mogleg å sitere forskingsdata, rapportar og andre publikasjonar korrekt og presist.

Forsking byggjer på forsking gjennom sitering. Open tilgang til pålitelege data og siterberre resultat er ein føresetnad for vidare kunnskapsutvikling gjennom internasjonalt samarbeid.  

Sikt legg til rette for at norske forskingsinstitusjonar kan få utskrive DOI (Digital Object Identifier) til forskingsdata, publikasjonar og rapportar. Slik får forskinga ein unik identifikator som identifiserer innhaldet og gjer det søkbart og siterbart. 

Ein unik og varig identifikator

Ein DOI er en internasjonal standard som inneber at forskinga får ein permanent identifikator (PID) som er udiskutabel, sporbar og inneheld metadata som kan oppdaterast.

Den inneheld ikkje sjølve objektet, men består av omfattande, maskinlesbar metainformasjon om forfattaren, bidragsytarar, finansiering, lisensering, versjonshistorikk m.m.  

Kva kan få utskrive ein DOI?

Både vitskaplege publikasjonar og råmateriale som datasett, bilete, finansiering, lyd, film og software kan få utskrive ein DOI.

Slik blir det mogleg å utnytte intellektuelle ressursar maksimalt, samtidig som både publikasjonar, forskarar og institusjonar blir synleggjorde og kan hauste anerkjenning på den globale kunnskapsarenaen.

DOI er ein viktig del av fundamentet som garanterer at forskinga er korrekt. Det gjer den søkbar og siterbar – og dermed mogleg å falsifisere eller byggje vidare på for andre forskarar verda over.  

DOI bidrar til å auke den vitenskaplege produktiviteten til datasetta.

-Stein Tronstad, seksjonsleiar ved Norsk Polarinstitutt

Korleis få utskrive ein DOI

For å få utskrive ein DOI må det registrerast omfattande metadata som beskriv materialet. Objektet må vere siteringsverdig, og den som tildeler DOI forpliktar seg til vedlikehald av metadata og langtidslagring av objektet i minimum ti år.  

Ein DOI inneheld ikkje sjølve objektet, men linkar til materialet, og denne linken må naturlegvis haldast oppdatert. Slik sikrar standarden framleis validitet ved oppdateringar eller korrigeringar, og garanterer sporbarheit der alle versjonar vil vere ope tilgjengelege.

Ved endringar vil alle som derefererer den aktuelle DOI-en få beskjed, slik at eventuelle feil blir unngått.  

Sikt tilbyr å administrere kundeforholdet til DOI-utskrivaren DataCite for verksemder i Kunnskaps-Noreg. Slik får norske institusjonar ein kompetent samarbeidspartnar, som også fungerer som førstelinjesupport i dette arbeidet.

Som felles kontaktpunkt og samlande kompetansemiljø sikrar Sikt normaliserte, standardiserte prosessar for registrering og vedlikehald av metadata slik ein DOI krev. 

Det viktige FAIR-prinsippet

Sentralt i Sikts tenester for publikasjonar, forskingsinformasjon og forskningsdata står FAIR-prinsippet. Dette inneber at data og publikasjonar skal vere Findable, Accessible, Interoperable og Reusable.

For at FAIR-prinsippet skal vere mogleg å etterleve trengst internasjonale standardar for verifikasjon og tilgjengeleggjering. DOI er ein viktig bit i dette arbeidet.

Tilgang til dei same tenestene sikrar at norske universitet, høgskular og forskingsinstitutt konkurrerer på like vilkår om dei beste intellektuelle ressursane.

Samtidig kan dei spele på lag for å hevde seg, bli synlege og vere aktive bidragsytarar i det globale arbeidet for teknologiutvikling og eit meir berekraftig samfunn. 

Ein felles standard

På det internasjonale planet er omfanget av forsking så enormt at det ikkje er mogleg å halde seg oppdatert på alt som blir publisert - sjølv ikkje innanfor smale fagfelt.

Ein internasjonal standard for maskinlesbare metadata er derfor ein føresetnad for å verifisere og kvalitetssikre forsking, og ikkje minst for å avsløre useriøse aktørar eller publikasjonar.   

Kravet frå DOI-standarden om omfattande metadata sikrar at forskinga er søkbar. Det garanterer for transparens, at alt kan nøstast i og ikkje minst blir verifisert. At detaljert metainformasjon blir knytt til materialet innanfor maskinlesbare standardar er også ein føresetnad for å følgje FAIR-prinsippet.  

Alt vitskapleg materiale kan teljast og bli målt. For at det skal eksistere som verdifull forsking må det ha ein unik, varig ID.

Gjennom å tilby DOI og andre tenester for publikasjonar, forskingsinformasjon og forskingsdata, jobbar Sikt for at norske forskarar og institusjonar skal vere synlege, heva seg og bidra på globale kunnskapsarenaer.  

Kontaktskjema

Vedlegg:

Av sikkerhetsmessige grunner må vedlegg ettersendes. Du vil motta en bekreftelse på oppgitte e-post. Du kan ettersende vedlegg ved å svare på denne e-posten.