Data frå NorLAG-undersøkelsen

NorLAG er forkortinga til Den norske studien av livsløp, aldring og generasjon. Dette er ein tverrfagleg og longitudinell studie der vi følgjer kvinner og menn over tid frå 40-års alderen og oppover.

Sikt har utvikla ei plattform for å søkje i og få tilgang til data frå undersøkinga, som blir utført av forskarar ved Oslomet.

Deltakarane i Norlag-undersøkinga er fødde i perioden mellom 1922 og 1966. Studien har data frå viktige livsområde, som arbeid, familie, helse og livskvalitet.  

Så langt er det gjennomført tre rundar med innsamling av surveydata (2002, 2007 og 2017). Innsamlingane består av telefonintervju og sjølvutfyllingsskjema som blir kopla til årlege registerdata. 

Unike og anonyme data

NorLAG-studien fokuserer på fleire ulike livsområde. Den har store utval og kombinerer ulike datakjelder.

Dette gir unike moglegheiter for å studere aldring som prosess, eldre menneske som gruppe og alderdommen som ein fase av livet. 

Dataene i NorLAG er anonyme. Det er derfor ikkje nødvendig å fylle ut meldeskjema til Sikt for å bruke dei. Data er tilgjengeleg via dataportalen "ACCESS Life Course". 

Ei plattform for å dele data

Målet med ACCESS Life Course å gjere data lettare tilgjengeleg for forskarar og studentar innanfor ulike disiplinar og fag, noko som kan bidra til auka tverrfagleg forsking.

ACCESS Life Course gir også forskarar eit betre grunnlag for metode- og teoriutvikling og bidreg til å auke moglegheitene deira for internasjonalt samarbeid.

Infrastrukturen har også etablert møteplassar mellom brukarar av data og brukarar av forskingsresultat (som forvaltning, interesseorganisasjonar, næringsliv m.fl.). 

Sertifisert arkiv

Sikts forskingsdataarkiv er sertifisert med CoreTrustSeal. CoreTrustSeal 2016 for Repository NSD's Research Data Archive . 

Vi er norsk tenesteleverandør til den europeiske forskingsinfrastrukturen CESSDA. 

Siden 2014 har Sikt (tidligere NSD) hatt avtale om arkivering av forskningsdata på vegne av Arkivverket. 

Relatert produkt og tenester

Vedlegg:

Av sikkerhetsmessige grunner må vedlegg ettersendes. Du vil motta en bekreftelse på oppgitte e-post. Du kan ettersende vedlegg ved å svare på denne e-posten.