5 tips for god datahandtering

Datahandtering handlar om alt frå sikker innsamling til kvar data skal arkiverast til slutt. Målet er å sikre gode data, og å bidra til overordna mål om gjenbruk og deling av data.

1: Start på datahandteringsplanen tidleg

Ein datahandteringsplan (DMP) hjelper deg å planleggje og beskrive korleis forskingsdataa skal handterast frå start til slutt i prosjektet ditt.

Planen skal vere eit levande dokument som blir vidareutvikla etter kvart som prosjektet skrir fram.

Opprett og start på datahandteringsplanen din så tidleg som mogleg, gjerne før prosjektet startar. Skal du behandle personopplysningar, kan ein datahandteringsplan forenkle prosessen med å fylle ut Sikts meldeskjema.

2: Sjekk kva hjelp du kan få frå eigen institusjon

Dei fleste forskingsinstitusjonar har eigne retningslinjer for handtering, lagring og arkivering av forskingsdata, og fleire tilbyr også støtte og hjelp til å fylle ut ein datahandteringsplan.

Sjekk kva hjelpemiddel som er tilgjengelege hos administrasjon og bibliotek ved institusjonen din.

3: Lag ein plan du vil ha nytte av

Ein datahandteringsplan bør ikkje berre vere ei byråkratisk øving, eit punkt på lista over oppfylte krav.

Ein gjennomtenkt plan er eit dokument som bidreg til å sikre at forskingsdata blir lagra og blir brukt sikkert og effektivt gjennom heile prosjektperioden.

Skreddarsy planen til det spesifikke prosjektet ditt: Ikkje stol for mykje på informasjon som blir oppgitt i andre datahandteringsplanar.

4: Ver konsis – ha fokus på data

Lag ein plan som er tilpassa omfanget for prosjektet. Ein plan bør vere så enkel som mogleg, men såg kompleks som nødvendig.

Ha fokus på data, og ikkje inkluder mykje tilleggsinformasjon om forskinga og prosjektet ditt dersom det ikkje er nyttig å ha i ein DMP.

5: Ver spesifikk

Ver spesifikk og merksam på kva delar av data du viser til gjennom heile planen. Ulike typar data må handterast på ulike måtar.

Vel eit verktøy som støttar deg i dette. Sikts datahandteringsplan er tilrettelagt slik at du kan beskrive og vurdere handtering av ulike datasamlingar («data packages») i eit prosjekt.

Lag ein datahandteringsplan

Sikt sitt vektøy for datahåndteringsplan er interaktiv og gir deg rettleiing basert på dataene du skal samle inn.

Les meir om Sikt sitt verktøy for DMP

Kontaktskjema

Vedlegg:

Av sikkerhetsmessige grunner må vedlegg ettersendes. Du vil motta en bekreftelse på oppgitte e-post. Du kan ettersende vedlegg ved å svare på denne e-posten.