Teksting av video – Amberscript

Treng du å gjere om tale til tekst, leggje undertekstar på video for universell utforming, eller transkribere intervjuopptak?

Då kan Amberscript vere løysinga for deg.

Amberscript er eit brukarvennleg web-basert verktøy for å tolke tale til tekst, anten automatisk eller manuelt transkribert. 

Verktøyet støttar norsk bokmål, engelsk og fleire andre språk. Amberscript har dessutan ein innebygd redigeringsfunksjon med avspeling og manuell korrigering av teksten. Den kan også skilje mellom fleire talarar. 

For å logge inn nyttar du Feide

Du lastar opp ei lydfil eller videofil på nettsida til tenesta med eitt av følgjande format.

Lydformat:

  • AAC
  • DSS
  • FLAC
  • M4A
  • MP3
  • WAV

Videoformat:

  • MV4
  • MOV
  • MP4

Lyd/videoformat:

  • MPEG
  • MPG
  • OGG
  • VOB
  • WMA

Mediefilene kan være inntil 6GB.

Etter behandling kan du laste ned teksten i følgjande format:

  • .docx – Microsoft Word
  • .json – Java Script Object Notation
  • .srt – SubRip Subtitle file
  • .vtt – Web Video Text Tracks
  • EBU-STL – European Broadcast Union subtitles
  • .txt – vanlig tekstfil

Amberscript har også et API for integrasjon med egne systemer.

Produkt- og tenestevilkår

Under er dei spesifikke vilkåra for tenesta lista. Elles gjeld Sikts generelle teneste- og leveransevilkår.

Amberscript er eit brukarvennleg web-basert verktøy for å tolke tale til tekst (ASR). Verktøyet blir brukt til transkribering av intervju eller teksting av videoopptak.

Verktøyet støttar norsk bokmål, engelsk og mange andre språk, og dessutan har ein innebygd editor med avspeling og manuell korrigering av teksten. Den kan også skilje mellom fleire talarar.

Ei lydfil eller videofil blir lasta opp på nettsida til tenesta som etter behandling resulterer i ei fil med det transkriberte resultatet som tekst.

Tenesta kan også tilby manuell transkribering som ein opsjon

Tjenesta føreset bruk av Feide for pålogging. 

Kunden må godkjenne tenesta for autentisering med Feide.

Kunden er sjølv forplikta til å vareta rutinar for passord og administrativ tilgang som hindrar uønskt tilgang til tenesta og lagra data i tenesta. Kunden er kjend med at Sikt ikkje har innsyn i eller administrativ tilgang til Amberscript-plattforma til kunden.

Kunden er innforstått med Amberscript sine vilkår for bruk. Les mer om Amberscripts vilkår for bruk

Verksemda er ansvarleg for å halde brukardata oppdaterte og ha klare rutinar for oppdatering. Rutinane må inkludere fjerning av brukarar som verksemda ikkje lenger ønskjer å ta ansvar for.

Kunden forpliktar seg til å halde Sikt oppdatert med ein til kvar tid gjelda kontaktpunkt for avtaleforvaltninga og minst eitt kontaktpunkt for førespurnader av teknisk natur.

Kunden forpliktar seg til å gjere seg kjend med dei til kvar tid gjeldande kontaktpunkta hos Sikt for support og feilmeldingar.

Tjenesten har Servicenivå 1A

Servicenivået beskriv

  • Kontaktpunkt og respons- og svartider tider ved behov for *support og for å melde feil.
  • Eventuell varsling ved feil og planlagt arbeid

Særskilt for Amberscript : Påliteligheit/Servicenivå

Verksemda har eit sjølvstendig ansvar for å sørgje for tilfredsstillande informasjonssikkerheit ved eigen bruk av tenesta. Dette følgjer mellom anna av føresegnene i eForvaltningsforskriften og personopplysningslova.

Det inneber at verksemda skal vurdere risikoen for brot på tryggleiken og setje i verk nødvendige sikringstiltak for å verne konfidensialiteten, integriteten og tilgjengelegheita til informasjonen.

Vurdering og iverksetjing av nødvendige sikringstiltak skal skje innanfor ramma av leiingssystemet for verksemda for informasjonssikkerheit.

Kunden inngår databehandlaravtale direkte med Amberscript. Det skal inngåast ein databehandlaravtale før tenesta blir teken i bruk. Informasjon om handtering av tryggleik og personvern i tenesta finst nærare beskriven i databehandlaravtalen.

Det bør gjennomførast ein risiko- og sårbarheitsvurdering (ROS) for tenesta hos verksemda. Sikt kan hjelpe til med målar og eventuelt rådgiving i samband med dette. 

Sikt fakturerer for bruk av verktøyet gjennom ein fast, årleg tenesteavgift, i tillegg til ein månadleg kostnad for tidseiningar av transkribert/teksta materiale i perioden. 

Prisar for transkribering/teksting er avhengig av faktorar som totalvolum, manuell eller automatisk utført, og også kor tidskritisk ei manuell oppgåve er. 

Amberscript eig og forvaltar tenesta, og har dermed det merkantile og juridiske ansvaret. All merkantil og teknisk kundekontakt går via Sikt.

Relaterte produkt og tenester

Vedlegg:

Av sikkerhetsmessige grunner må vedlegg ettersendes. Du vil motta en bekreftelse på oppgitte e-post. Du kan ettersende vedlegg ved å svare på denne e-posten.