Rialto Marketplace

ProQuest Rialto er ein integrert innkjøpsmodul i biblioteksystemet Alma. Her kan ein søkje i materiale som blir tilbode av ei lang rekkje leverandørar, i både elektronisk og trykt form og tilpassa eit akademisk miljø.

Med Rialto får ein heile livsløpet til ressursane i biblioteket i Alma, frå ønske om innkjøp oppstår og til dei er søkbare i Oria.  

Ved å integrere Rialto i Alma, får ein fleire fordelar:

  • Når lånarane søkjer i Oria ser dei raskt at noko er i bestilling 
  • Grensesnitt, terminologi og funksjonar er kjende for dei bibliotektilsette frå før 
  • Før ein legg inn bestilling ser ein behaldning som allereie finst i biblioteket

Vilkår for bruk

Rialto er gratis som ein del av Alma og kan brukast av alle institusjonane i konsortiet, men vêr påpasseleg knytt til anbodsreglar:

Viss e-bokbudsjettet til institusjonen overstig ein viss sum, må det køyrast anbod på val av leverandør. I eit eventuelt anbod vil Rialto kunne vere noko konkurransevridande, sidan Rialto er knytt til ProQuest som også tilbyr innhald.

Bruk av Rialto kan dermed ikkje brukast som kriterium i eit anbod.

Vi tilrår institusjonar som er interesserte i Rialto å avklare og følgje lokal innkjøpspolitikk.

Les meir om Rialto hos Exlibris

Kontakt oss for å komme i gang

For å komme i gang med Rialto, ta kontakt med oss gjennom brukarstøtteportalen support.bibsys.no.

Brukarstøtte

Treng du brukarstøtte for bibliotektenestene?

For medlemmer i BIBSYS-konsortiet, ta kontakt via support.bibsys.no

Kontakt

Ønskjer du å vite meir om bibliotektenestene våre?

For andre, fyll ut ein førespurnad i kontaktskjemaet