Generations and Gender Programme Norway

Målet med tiltaket er å etablere Noreg som ein stabil partnar og aktiv bidragsytar til den eksisterande internasjonale forskingsinfrastrukturen «Generations and Gender Programme» (GGP).

Status:

Planlagte

Ansvarlig:

SSB

Bakgrunn

GGP er ein tverrfagleg forskings- og datainfrastruktur om befolknings- og familiedynamikk, prosessering og formidlar tverrnasjonalt samanliknbare longitudinelle data om livsløpa til kvinner og menn.

Forskingsavdelinga i SSB har vore partnar i GGP, og forløparen, Familie- og fertilitetsundersøkinga, sidan starten av programmet, For tida er SSB ein aktiv partnar og konsortiemedlem i GGP.

Målet med søknaden

Målsetjinga med søknaden er å etablere Sikt som dataarkiv og infrastruktur for GGP for å auke bruken av dataene i tråd med Dei rettleiande prinsippa i fair for vitskapleg datahandtering og forvaltning.

Våren 2023 konkluderte GGP Consortium Board med at Sikt vil vere den føretrekte løysinga for å oppnå dette målet. Avgjerda byggjer i stor grad på det arbeidet Sikt utfører for ESS.

Tiltaket er kostnadsrekna til € 10 450 for ei minimumsløysing og € 27 450 for “Gold Solution”.

  • Minimumsløysinga inneber inkludering av data og metadata i Sikts Surveybank, inkludert migrering, kurering og formidling.
  • "Gold Solution” inkluderer etablering av eigen dataportal for GGP-data hos Sikt, tilsvarande som for ESS (European Social Survey).

Ein eigen dataportal hos Sikt er rekna som den mest brukarvennlege løysinga, og vil auke den vitskaplege bruken av GGP-data. I tillegg vil ein eigen dataportal leggje til rette for spesifikke krav relatert til arten av longitudinelle og komparative GGP-data.