Skuleval 2025
Skuleval blir gjennomført anna kvart år, i forkant av det ordinære valet. Ordninga med skuleval handlar om demokratiopplæring, og har eksistert i Noreg sidan 1989. Neste skuleval skjer hausten 2025.
Sikt gjennomfører skulevalet i samarbeid med Udir, fylkeskommunane, skulane og ungdomspartia.
Fakta om skulevalet 2023
- 391 vidaregåande skuler var påmeldt valet, som blei arrangert fra 28. august til 5. september. Valet blir gjennomført som urneval, og skulane rapporterer inn sine resultat til Sikt.
- Fristen for å rapportere resultatet var 5. september kl. 16.30. 368 skular leverte innan fristen. Databasen skolevalg.sikt.no blir oppdatert med etterregistreringar og korrigeringar fram til 13. september.
- Skulevalet tilsvarer fylkestingsvalet, og elevane stemmer på parti som stiller liste i fylket som skulen vil tilhøyre 1.1.2024 (til liks med det ordinære valet).
- Noreg har arrangert skuleval sidan 1989. Valet er ein del av oppdraget til skulen i å fremje demokrati og medborgerskap.
- Skulene får også tilbod om å delta i ei nasjonal spørjeundersøking som gir innsikt i ungdom sine haldningar. 165 skuler er påmeldt denne undersøkinga.
Kva er skuleval?
Skulevalet er først og fremst ein arena for demokratiopplæring, der elevane sjølv kan delta aktivt i politiske diskusjonar, få kunnskap om ulike politiske retningar og gi eiga stemme. Som Udir skriv på nettsidene sine:
Skuleval, skuledebattar og valtorg skal gi elevane opplevinga av å vere ein aktiv medborgar i eit demokrati, og gi dei ei praktisk innføring i demokratigrunnlaget.
Vidare skriv dei at "skulevalet er ein del av oppdraget til skulane for å fremje demokrati og medborgarskap, og oppfyller kompetansemål i læreplanen." Les meir om skulevalet hos Utdanningsdirektoratet.
Skulevalet er også et prøveval for stortingsval, sametingsval og fylkesval med valgkamp på skulane, der ungdomspartia deltek med debattar og valtorg.
Kva er skulevalundersøkingane?
Skulevalundersøkinga blir gjennomført i samband med sjølve skulevalet, og er ei spørjeskjemaundersøking som har vorte gjennomført frå 1989 til i dag. Elevane svarer på spørsmål om politikk og samfunn, og datasetta frå alle år er tilgjengeleg for alle.
Kva for nokre politiske saker er viktigast når ungdommar vel seg eit parti? Kor fornøgd er ungdommar med demokratiet i Noreg?
Parallelt med undersøkinga blir det gjennomført ein landsomdekkjande meiningsmåling med resten av befolkninga, som inneheld utvalde spørsmål frå skulevalundersøkinga.
Spørjeundersøkingane gjer at ein kan samanlikne haldningar mellom elevar og resten av befolkninga i Noreg. Dette gir oss spennande data som blir tilgjengeleggjorde for alle i anonymisert form.
I førre skulevalsundersøking, i 2021, deltok 17 739 elevar frå 162 vidaregåande skular.
Data frå Skolevalgundersøkelsene 1989–2023
Sjå datasetta for skulevalundersøkingane herNB! Vi jobbar for tida med å oppgradere infrastrukturen for datasamlingane våre. I samband med dette vil nokre datasett vere mellombels utilgjengeleg ein periode.
Meir informasjon og kontakt om skulevalet
- Les meir om skulevalet på udir.no/skolevalg, eller ta kontakt på skuleval@udir.no.
- Sjå kontaktinformasjon for pressa
- For informasjon om dei ordinære vala, sjå valg.no.
Valstatistikk og resultat frå alle skuleval
På skolevalg.sikt.no finn du resultat og statistikk frå skuler, kommunar, fylke og på landsbasis. Tala gjeld for åra 1989–2023.
Pressemelding Resultat av skulevalet 2023
Skulevalet for 2023 er avslutta, etter veker med debattar, valtorg og til slutt avstemmingar. Frp og Høgre går kraftig fram, samanlikna med skulevalet i 2019.