Skuleval 2025
Skuleval blir gjennomført anna kvart år, i samband med stortings-, sametings-, kommune og fylkestingsval. Ordninga med skuleval handlar om demokratiopplæring, og har eksistert sidan 1989. Her får elevane delta aktivt i politiske diskusjonar, innsikt i ulike politiske retningar og avgi si eiga stemme.
Dei offisielle skulevaldatoane for 2025 er 1. og 2. september, men skulane kan velje å gjennomføre valet veka før, frå 25. august.
Skulevalet blir gjennomført som eit urneval, til liks med det ordinære valet.
Fakta om skulevalet 2025
- I 2025 blir det gjennomført skuleval for stortingsvalet og for sametingsvalet.
- Ordninga med å arrangere skuleval starta i 1989. Valet i år er det 19. i rekkja. I 1994 blei det i tillegg gjennomført skuleval i samband med EU-avstemminga.
- Det var 379 påmeldte skular til stortingsvalet og 35 til skulevalet for sametinget.
- Når fristen for å registrere resultata gjekk ut 2. september kl. 16.30 hadde 367 skular rapportert inn stemmer for stortingsvalet, og 23 skular rapportert inn for sametingsvalet. Skulane kan etterregistrere fram til 5. september.
Rolla til Sikt i skulevalet
Sikt gjennomfører skulevalet i samarbeid med Udir, fylkeskommunane, skulane og ungdomspartia.
Sikt er ansvarleg for den tekniske gjennomføringa av skulevalet. Dette inkluderer mellom anna:
- rekruttere skulane til å delta,
- drifte skulevalsportalen som skulane nyttar for påmelding og innsending av resultat
- utarbeide ulike ressursar, som rettleiingar til skulane.
På Udir sine nettsider finn du anbefalingar og ressursar for gjennomføring av debatt og valtorg >
Kva er skuleval?
Noreg har arrangert skuleval sidan 1989. Valet er ein del av oppdraget til skulen i å fremje demokrati og medborgerskap.
Skulevalet er ein arena der elevane sjølv kan delta aktivt i politiske diskusjonar, få kunnskap om ulike politiske retningar og gi eiga stemme.
Skuleval, skuledebattar og valtorg skal gi elevane opplevinga av å vere ein aktiv medborgar i eit demokrati, og gi dei ei praktisk innføring i demokratigrunnlaget.
Skulevalet er også ein del av oppdraget til skulane for å fremje demokrati og medborgarskap, og oppfyller kompetansemål i læreplanen.
Meir informasjon og kontakt om skulevalet
- Les meir om skulevalet på udir.no/skolevalg, eller ta kontakt på post@udir.no.
- For informasjon om dei ordinære vala, sjå valg.no.
- Kontaktinformasjon for media
Skulevalsundersøkingane gir data om haldningar til politikk og samfunn
Kva for nokre politiske saker er viktigast når ungdommar vel seg eit parti? Kor fornøgd er ungdommar med demokratiet i Noreg?
I samband med skulevalet arrangerer Sikt skulevalundersøkinga. Dette er ei spørjeskjemaundersøking kor elevane svarer på spørsmål om politikk og samfunn.
Parallelt med undersøkinga blir det òg gjennomført ein landsomdekkjande meiningsmåling i resten av befolkninga. Denne inneheld utvalde spørsmål frå skulevalundersøkinga, slik at ein kan samanlikne resultata frå elevane med resten av befolkninga.
Sjå datasetta for skulevalsundersøkingane 1989–2023Skulevalsundersøkinga for 2025
Alle skular som har deltatt i skulevalet får tilbod om å delta i skulevalsundersøkinga. Undersøkinga blir gjennomført i etterkant av skulevalet, og det er frist ut september for å svare på undersøkinga.
Resultata blir gjort tilgjengelege av Sikt i Surveybanken, etter planen i midten av oktober.
Kontakt
Dersom du har deltatt i skolevalgsundersøkelsen, eller den nasjonale meningsmålingen og har spørsmål om personvern kan du kontakte oss på kontakt@sikt.no.
Skulevalet 2025

Skolevalget 2025: Brakvalg for FrP
Årets skolevalg er avsluttet, etter uker med debatter, valgtorg og til slutt avstemning. Partiene på høyresiden er valgets vinnere sammenlignet med skolevalget før stortingsvalget i 2021, mens partiene på venstresiden går tilbake.
Se pressemelding med oppsummering av skolevalget 2025