Vegen vidare - bibliotektenester
Kontrakten med noverande leverandør av biblioteksystemet går ut i 2025. Fram til då vil vi jobbe med å skaffe innsikt i framtidige behov og brukarkrav for å sikre gode og kostnadseffektive bibliotektenester.
Her får du vite litt om ulike aktivitetar vi jobbar med i samband med utviklinga av bibliotektenestene og systema som støttar opp under desse.
Brukarundersøking
Hausten 2021 gjennomførte vi ei brukartilfredsheitsundersøking for Alma og Oria blant brukarane av biblioteksystemet og sluttbrukarar. Formålet med prosjektet er å skaffe brukarinnsikt for å identifisere brukarkrav og framtidige behov.
Resultatet av undersøkinga dannar grunnlag for vidare forhandlingar med leverandøren av systemet og i arbeidet fram mot eit eventuelle nytt innkjøp.
Brukartilfredsheitsundersøkinga vart leidd av to eksterne konsulentar. Ei referansegruppe med medlemmer frå ulike typar institusjonar frå BIBSYS-konsortiet hjelpte tett i prosjektet.
E-ressursrapporten: Oppfølging av brukerundersøkinga
Brukartilfredsheitsundersøkinga frå 2021 peika på at å handtere e-ressursar var eit spesielt komplisert område for både store og små bibliotek.
Våren 2023 oppretta Sikt derfor ei mellombels faggruppe for å kartleggje og identifisere konkrete problemområde som seinare kunne brukast ved utforming av tiltak. Gruppa bestod av eit utval medlemmer frå dei etablerte faggruppene.
Resultatet av dette arbeidet er "E-ressursrapporten". Rapporten gir ein generell gjennomgang av gangen i e-ressursen gjennom biblioteket, samtidig som at han beskriv konkrete prosessar og problem knytt til desse.
Rapporten er ikkje ein uttømmande gjennomgang eller fasit, men siktar på å beskrive dei punkta som dukka opp i løpet av arbeidet.
Strategi for innkjøpsprosessen
Formålet med strategien er å beskrive prosessen mot ein ny kontrakt. Sikt har saman med styret for BIBSYS-konsortiet jobba med å definere ein overordna visjon for arbeidet.
For å få ei felles oppfatning av prosessen vidare har vi saman etablert mål, kartlagt rammevilkår og definert konkrete tiltak for å få eit tilstrekkeleg avgjerdsgrunnlag.
Vi skal levere tilgang til kjelder, kunnskap og opplevingar til studentar, forskarar og allmenta. For å gjere det er det avgjerande at biblioteksystemet i framtida gir nødvendig systemstøtte og at det bidreg til kvalitet i prosessen.
Marknadskartlegging
Formålet med marknadskartlegginga er å få tilbakemeldingar frå leverandørar og undersøkje kva som finst av løysingar i marknaden.
Dette er ein formell prosess (Request for information) som kartlegg marknaden, og som ikkje forpliktar oss til å gå vidare med nokon av tilbydarane.
Arbeidet vart gjennomført andre og tredje kvartal 2022. Prosjektleiar var Frode Arntsen frå Sikt.
Arbeidsgruppa bestod av:
- Christine Rostgaard, UBO
- Geir Nordanger, Stortingsbiblioteket
- Malin Sofia Prytz, NB
- Marion Mühlburger, UBB
- Sølvi Karlsen, NTNU
Scenarioanalyse
Scenariometodikk er éin metode innan framtidstenking som blir brukt til å analysere framtidige uvisser på ein strukturert måte. Vi ønskjer å sjå på ulike scenario for bibliotektenester framover.
Første fase vart gjennomført hausten 2022. Prosjektleiar er Asbjørn Risan frå Sikt.
Arbeidsgruppa består av:
- Urd Hertzberg, Sjukehuset Innlandet
- Kjersti Rustad, NB
- Irene Eikefjord, UBB
- Magnus Carlström, UBO
- Per Hovde, HK-dir
- Audun Skorstad, Sikt
- Fredrik S. Pettersen, Sikt
Sjå opptak av webinar med presentasjon av scenarioanalaysen >
Brukarstøtte
Treng du brukarstøtte for bibliotektenestene?
For medlemmer i BIBSYS-konsortiet, ta kontakt via support.bibsys.noKontakt
Ønskjer du å vite meir om bibliotektenestene våre?
For andre, fyll ut ein førespurnad i kontaktskjemaet