Data om det politiske system – Polsys

Polsys er eit samleomgrep for data om det politiske systemet, mellom anna data om stortinget, regjeringa og dei politiske partia.

Samlingane er viktige bidrag til data om historisk utvikling av det politiske systemet i Noreg, og ei viktig kjelde for meir tidsavgrensa informasjon om politiske aktørar. 

Stortinget

Data om Stortinget er delt inn i tre hovudområde: biografiar over representantar og vararepresentantar sidan 1814, voteringar, og fraksjonsdata frå komitéinnstillingar. I tillegg er det tilrettelagt eit mindre datasett med dokument-8 forslag. 

Datakvaliteten varierer mellom områda og også når det gjeld enkeltvariablar. Det gjeld både kor fullstendig informasjonen er, og kva tidsrom han dekkjer. 

Regjeringa

Regjeringssidene inneholder data om samtlige norske ministerier og regjeringer i fra 18

Regjeringssidene inneheld data om alle dei norske ministeria og regjeringane i frå 1814 og fram til i dag.

Sidene inneheld regjeringsoversikter og departementsoversikter med tilhøyrande statsrådar og statssekretærar. Sidene inneheld også ein del enkel statistikk både på regjeringsnivå og på statsråds- og statssekretærnivå. 

Dei politiske partia

I partidatabasen ligg alle data vi har om norske politiske parti.

Her finn du politisk historie for ei rekkje parti, vallister frå stortings-, fylkes- og sametingsval, og dessutan ei rikhaldig samling partidokument av ulike slag, så som partiprogram og pressemeldingar. 

Vedlegg:

Av sikkerhetsmessige grunner må vedlegg ettersendes. Du vil motta en bekreftelse på oppgitte e-post. Du kan ettersende vedlegg ved å svare på denne e-posten.