Barnehage- og skuleforsking

Barnehage- og skuleforsking viser til det breie mangfaldet av forsking i og på skular og barnehagar. I forskning på barn er frivillighet, god og tilrettelagt informasjon, og samtykke sentrale stikkord.

Vi rår alle, og spesielt studentar som skal forske på slike tema til å lese igjennom denne sida.

Frivillig deltaking

Å delta i forsking på skule og i barnehage skal vere frivillig – for elevar eller barnehagebarn, for dei føresette, og for alle tilsette. 

Du må spørje om deltaking på ein måte som gjer at det frivillige er sikra. Det må komme tydeleg fram at valet om deltaking ikkje vil påverke forholdet til lærar eller barnehagen/skulen. 

Forsking som en del av undervising

Dersom forskingsopplegget er ein del av den ordinære undervisninga, må det vere tydeleg kva som er obligatorisk undervisning elevane må delta i, og kva som inngår i forskinga.

Forskingsprosjektet kan berre registrere opplysningar om elevar som samtykker til deltaking

Deei føresette gir det juridiske samtykket på vegner av sitt barn. Samtidig er det viktig at også barnet må ønskje å delta.

For at barna skal kunne gjere seg opp ei meining om eiga deltaking må dei få informasjon som dei forstår. Som forskar må du vere lydhøyr for om barn vegrar seg for deltaking eller opplever andre typar ubehag. 

Informasjon og samtykke 

I mindre forskingsprosjekt med ikkje-sensitive data, kan ungdom over 15 år ofte samtykke sjølv.

I prosjekt som skal behandle særlege kategoriar av personopplysningar (sensitive data) må ungdom minst vere over 16 år før dei kan samtykke sjølv. 

Kva som er aldersgrensa for sjølvråderett er ei skjønnsmessig heilskapsvurdering i det konkrete forskingsprosjektet: om ungdommen fullt ut forstår kva deltaking inneber, og kan vareta rettane sine.

Samtykke frå føresette

Føresette som samtykkjer på vegner av barna må få informasjon om kva opplysningar som blir innhenta, om metodane som blir nytta, og om den praktiske gjennomføringa.

Ein bør i tillegg opplyse om at dei førestte har rett til å sjå intervjuguide/spørjeskjema på førehand. Understrek frivilligheita og at det ikkje vil gå ut over kvaliteten på undervisninga dersom dei eller barnet ikkje ønskjer å delta.

Det er viktig at informasjonen skildrar kva som blir situasjonen for barnet dersom det ikkje skal vere ein del av studien. 

Barnet bør på si side få informasjon om prosjektet som er tilpassa nivået til barnet og dei språklege ferdigheitene deira. Det er spesielt viktig at dei skjøner at dei sjølv bestemmer om dei vil vere med, og at dei når som helst kan stille spørsmål. 

Teieplikta til tilsette 

Teieplikta er i utgangspunktet til hinder for at tilsette i barnehagen, på skulen, eller ved andre instansar kan omtale barn og foreldre på ein måte som kan identifisere dei.  

Du må derfor legge opp intervju og datainnsamling slik at du ikkje samlar inn opplysningar som kan identifisere enkeltelevar, eller avsløre annan teiepliktig informasjon.

Her har den som forskar og den tilsette eit felles ansvar. Vi rår om at du minner læraren om teieplikta i forkant av datainnsamlinga.

Merk at også bakgrunnsopplysningar som alder, kjønn, nasjonalitet, diagnosar og spesielle hendingar kan bidra til å identifisere enkeltelevar. Ver derfor varsamme med å bruke døme under intervjua. 

Unntak frå teieplikta

Viss det er nødvendig for formålet med analysen at bestemde barn eller foreldre blir omtalte, må dei føresette få god informasjon.

Dei føresette må også gi eksplisitt samtykke til at den som uttaler seg kan gi opplysningar om barnet uhindra av teieplikta. 

Barn som sårbar gruppe 

Forsking på skuleelevar eller barnehagebarn må sjåast i kontekst av at barn er ei sårbar gruppe. Yngre barn kan ikkje samtykke på vegner av seg sjølv, og dei har ikkje høve til å utøve rettane sine eller til å ta vare på eigne interesse. 

I den nasjonale forskingsetiske komité for samfunnsvitskap og humaniora (NESH) sine rettleiingar understrekar dei at barn ikkje skal ta belastninga ved at det blir gjennomført forsking.

Dette inneber mellom anna at forskingsprosjektet aktivt må redusere ulempa for barna som deltek i forskinga, men også for barna som ikkje skal delta. 

Generelt stiller forsking på sårbare grupper, som på barn, skjerpa krav til at forskinga er godt grunngitt og utførleg beskriven, både med tanke på utforminga, utøving av rettar og etikken.

Avklar med leiinga 

I forkant av datainnsamlinga må du avklare prosjektet med leiinga på skulen eller i barnehagen. Dette gjeld også dersom du er tilsett ved, eller ha praksis på skulen/barnehagen du skal forske ved. 

Å forske på eigen arbeidsplass eller praksisskule medfører elles ein del metodiske og etiske utfordringar du må vere medviten om, mellom anna knytt til rekruttering og rolleforståing. 

Observasjon av undervisning og aktivitetar 

Ved observasjon i eit klasserom eller i ein barnehage, må alle som er til stades (og dei føresette) få informasjon om kva som er fokus under observasjonen, og kva slags opplysningar som vil bli registrert. 

Om det blir registert opplysingar under observasjon som kan bli sport tilbake til enkeltelevar eller lærar, må du ha eit behandlingsgrunnlag. Datakjelda må då meldast til Sikt.

Observasjonar som blir gjennomført anonymt treng ikkje meldast. 

Bruk av bilete, lyd og film 

Bruk av bilete, lyd og video i skulen og barnehage fører med seg metodiske og etiske utfordringar knytt til frivilligheit, samtykke og sjansen til å utøve rettane sine i praksis. Det medfører også fare for å inkludere teiepliktig informasjon. 

Alle som ønskjer å filme undervisning eller aktivitetar bør derfor vurdere om det er nødvendig for å oppnå formålet for prosjektet. 

Om opptak er nødvendig, må du argumentere for kvifor, og korleis nytta av den metodiske tilnærminga veg opp for eventuelle belastningar for dei som deltar. 

Du må også vise korleis prosjektet har løyst relevante metodiske/etiske problemstillingar, og tiltak som er gjort for å redusere personvernulempa.

Det kan dreie seg om omfanget av datamaterialet, sensitiviteten i temaet, kor identifiserande bileteutsnittet eller videovinkelen er, eller om utstyret er stasjonært eller berbart. 

Informasjonsskriv om filming

I informasjonsskrivet bør det mellom anna komme fram: 

  • Korleis blir filminga gjennomført i praksis? Kven styrer kameraet? 
  • I kva situasjonar skal det filmast? Kor mange opptak er nødvendig og kor lange? 
  • Kva er løysinga for dei barna/lærarane/andre som ikkje ønskjer å delta i prosjektet, eller som spesifikt ikkje ønskjer å vere med på bilete/lydopptak/film? 
  • Korleis unngår du at teiepliktig informasjon kjem med på filmen/lydspor?

Om du kan, vis gjerne til eventuell tidlegare erfaring, og beskriv tiltak for informasjonssikkerheit. Korleis blir opptaket oppbevart, overført og lagra? 

Det er også lurt å tenkje gjennom eventuelle (tekniske) løysingar dersom nokon av deltakarane ønskjer å trekkje seg før transkribering og anonymisering. 

Kontakt personverntenestene til Sikt

  • Melding: Logg inn på minforskning.sikt.no og kontakt rådgivar via melding.
  • Chat: Er open kvardagar kl. 12–14. Stengt onsdagar.
  • Telefon: +47 73 98 40 40 kvardagar kl. 10–12. Stengt onsdagar.

Relaterte sider om personvern i forskning