Personvern i spørjeundersøkingar

Spørjeskjemaundersøkingar kan gjennomførast elektronisk eller på papir. Les meir om kva for omsyn du må ta til personvern når du gjennomfører slike undersøkingar i samband med eit forskingsprosjekt.  

Viss du skal samle inn data via spørjeundersøkingar, blir dette omfatta av personopplysningslova dersom spørjeskjemaet: 

  • inneheld opplysningar som kan identifisere enkeltpersonar direkte eller indirekte og/eller 
  • på noko tidspunkt i prosessen blir knytte til identifiserande opplysningar om respondenten (t.d. IP-adresse, e-postadresse, informasjonskapslar, nettlesarinformasjon eller liknande) 

Meld behandlinga om epost eller IP-adresse blir kobla til svara

Dei fleste nettbaserte spørjeskjema inneber registrering av e-post-/IP-adresse, som er personopplysningar. Dersom e-post-/IP-adresse blir kopla til svara, må du melde inn behandlinga.

Dette gjeld sjølv om det berre er tenesteleverandøren (databehandlar) som har tilgang til koplinga (t.d. IP-logg).

Nokre leverandørar av spørjeundersøkingar tilbyr anonyme løysingar. Les meir om dette under "Kva trengst for at løysinga skal vere anonym?" lenger ned på sida.

Sjekk kva leverandør institusjonen din har avtale med 

Når det blir registrert personopplysningar i eit elektronisk spørjeskjema, inneber det som regel bruk av databehandlar. Det er fordi leverandøren av spørjeskjema behandlar opplysningane på vegner av institusjonen.

Institusjonen må då inngå, eller allereie ha ein databehandlaravtale med leverandøren av spørjeskjemaet. Avtalen regulerer og sikrar behandlinga av persondata dersom: 

  • du behandlar personopplysningar 
  • du ønskjer å nytte ein leverandør av nettbaserte spørjeskjema som ikkje er tilknytt institusjonen din (ekstern databehandlar)  

Dei fleste forskingsinstitusjonar har allereie slike avtalar med utvalde leverandørar.

Sjekk derfor med institusjonen din kven dei allereie har avtale med. 

Informasjon til utvalet 

Utvalet må få informasjon om behandlinga av personopplysningar før dei gjennomfører spørjeundersøkinga.

Du kan innhente samtykke elektronisk, anten via at dei vel å gjennomføre undersøkinga, eller via avkryssingsboks. 

Viss du nyttar spørjeskjemaleverandør, og ikkje sjølv har tilgang til annan identifiserande informasjon om utvalet enn eventuelle bakgrunnsopplysningar, kan du f.eks. informere utvalet slik: 

"Opplysningane blir behandla konfidensielt. Den tekniske gjennomføringa av spørjeundersøkinga blir gjennomført av [namn på leverandør/databehandlar], og eg som forskar får utlevert data frå dei utan kopling til e-post/IP-adresse. Opplysningane blir anonymiserte når prosjektet er ferdigstilt, innan [dato]." 

Les meir om kva reglar som gjeld for informasjon til deltakarane. 

Barn og samtykke 

Ved nettbaserte spørjeundersøkingar i skuleklassar og liknande, kan det vere praktisk vanskeleg å innhente samtykke frå foreldra til å gjennomføre undersøkinga.

Lova krev likevel ofte at personopplysningar blir behandla etter samtykke, sjølv om det finst andre lovlege grunnlag

Om barn sjølv kan samtykkje til slike undersøkingar, avheng av arten og omfanget for prosjektet, og alderen til barna.  

Kva trengst for at løysinga skal vere anonym?

Ofte blir spørjeundersøkingar gjennomførte på papir eller elektronisk over internett.

Sidan papirbaserte spørjeskjema ikkje inneheld elektroniske spor, kan desse gjerast anonymt. Om dei er anonyme avheng av bakgrunnsopplysningane som blir samla inn. 

Elektroniske spørjeundersøkingar kan også gjennomførast anonymt, men då må du bruke ein såkalla «anonym løysing». Det vil seie at det ikkje blir samla inn IP-adresse eller andre elektroniske spor. Dei fleste store leverandørane, som «Nettskjema» har denne moglegheita.  

Du må forsikre deg om at sjølve spørjeskjemaet ikkje inneheld spørsmål om identifiserande opplysningar, og at IT-løysinga er fullstendig anonym, dvs.: 

  • At svaret ikkje blir knytt til identifiserande opplysningar om respondenten på nokon måte(som e-post/IP-adresse, nettlesarinformasjon eller informasjonskapslar) 
  • At det ikkje blir registrert identifiserande opplysningar på nokon annan måte (t.d. unik lenkje sendt via e-post eller innlogging med brukar-id og passord på nettside) 
  • Kor stort er utvalet? Dersom utvalet inneheld få moglege respondentar, trengst det færre bakgrunnsvariablar for å potensielt identifisere enkelte respondentar. 
  • Kva/kven er utvalet? Nokre utval kan f.eks. ha skeivfordelingar på kjønn. Dersom utvalet er sjukepleiarar ved ein sjukeheim, vil menn truleg kunne identifiserast lettare. 
  • Kor mange bakgrunnsvariablar skal samlast inn? Er alle nødvendige, og kan dei ha grove kategoriser? F.eks. at alder brytast ned i kohortar (18–25, 26–30 osb). 
  • Unngå bruk av opne felt. Då hindrar du at utvalet skriv inn identifiserande informasjon du ikkje ønskjer 

Ulemper ved fullstendig anonym løysing

Ved bruk av anonym elektronisk løysing, vil det ikkje vere mogleg å purre individuelt på dei som ikkje har svart. Du kan heller ikkje vite om ein person har svart fleire gonger. 

Kontakt med personverntenester

Ressurssider om personvern i forsking