Sikt – Kunnskapssektorens tenesteleverandør

Kunnskapssektoren driv norsk og internasjonal samfunnsutvikling framover gjennom forsking, utdanning, innovasjon og entreprenørskap. Sikt skal vere ein stabil og påliteleg leverandør av produkt og tenester til sektoren.

I samspel med brukarane og kundane våre skal vi tilby ein felles infrastruktur for kunnskapssektoren, som gir gode brukaropplevingar, og som oppfyller overordna mål om digitalisering, datadeling og open forsking.

Om Sikt

Sikt – Kunnskapssektorens tenesteleverandør blei etablert 1. januar 2022 gjennom ei samanslåing av NSD (Norsk senter for forskingsdata AS), Uninett AS og Unit – Direktoratet for IKT og fellestjenester i høgare utdanning og forsking.

Verksemda er organisert som eit statleg forvaltningsorgan under Kunnskapsdepartementet. Oppdraget vårt er å bidra til at kunnskapssektoren når måla sine ved å levere verdiaukande fellestenester ein kan stole på.

Sikt består av om lag 400 medarbeidarar, med hovudkontor i Trondheim og kontor i Bergen og Oslo.

Kunnskapsdepartementet sine mål for Sikt

  • Kunnskapssektoren har god tilgang til infrastruktur og fellestenester som gir gode brukaropplevingar.
  • Meir datadeling for innovasjon og auka verdiskaping.
  • Meir open forsking og nye forskingsmoglegheiter.
  • Styrka informasjonstryggleik og personvern innanfor kunnskapssektoren

Les meir om samfunnsoppdraget til Sikt