Samfunnsoppdrag og rolle
Sikt er eit offentleg forvaltingsorgan under Kunnskapsdepartementet. Her kan du lese meir om samfunnsoppdraget og rollene våre.
Kvar einaste dag er elevar, studentar, lærarar og forskarar avhengige av digitale tenester og infrastruktur for å lære, forske og formidle.
For dei er robuste og pålitelege løysingar ein føresetnad for å få jobben gjort. Å sikre ein trygg og stabil digital kvardag for brukarane av tenestene våre, er Sikts aller viktigaste oppgåve.
Enten vi utviklar løysingane sjølv eller skaffar dei i ein internasjonal marknad, sørgjer vi for at løysingane dekkjer dei unike behova til sektoren. Gjennom datadeling og integrasjonar knyter vi løysingane saman til ein samanhengande digital infrastruktur.
Samfunnsoppdraget vårt
Samfunnsoppdraget til Sikt er å utvikle, forvalte og drifte digitale fellestenester og infrastruktur, leggje til rette for deling og gjenbruk av data og bidra til sikker digitalisering i kunnskapssektoren.
Vi skal bidra til at verksemder og brukarar i sektoren når sine mål, og leggje til rette for kunnskapsutvikling, innovasjon og verdiskaping.
Sikt sine roller
Kjernerolla til Sikt er å levere fellestenester. I forlenginga av leverandørrolla har vi tre særskilte roller som tilretteleggar, kor alle inneber å vere ein aktiv pådrivar.
I desse rollene skal vi ikkje berre levere tenester og gi råd, vi skal også skape bevegelse og utvikling i sektoren. Nedanfor skildrar vi dei ulike rollene meir utfyllande.
Utover dei konkrete rollene, kan vi gi råd, greie ut og koordinere for departementet, direktorata og institusjonane i sektoren innanfor heile ansvarsområdet vårt. Dette tilsvarer fagrolla til eit direktorat, men utan myndigheitsfunksjonar.
Kjernerolle: Leverandør av fellestenester
Kjernen i samfunnsoppdraget er å anskaffe, utvikle og drifte infrastruktur, digitale fellestenester og relaterte støttetenester.
Som nasjonal leverandør prioriterer Sikt grunnleggjande infrastruktur og tenester som dekker relativt like behov på tvers av mange verksemder.
Når gode løysingar finst i marknaden, forhandlar vi fram avtaler med eksterne leverandørar på vegner av verksemdene i sektoren. Hvis dei ikkje finst, utviklar vi løysingar sjølve, eller tilpasser innkjøpte løysingar til behova i sektoren.
Særskilt rolle: Legge til rette for eit sikkert og samanhengande økosystem
Som leverandør leverer vi mykje av den infrastrukturen og dei grunnleggande tenestene det er trong for i sektoren.
I tillegg er vi pådrivar for at sektoren har eit sikkert og samanhengande økosystem av digitale tenester, og vi informerer om relevante tenester frå andre leverandørar. Vi legg til rette for å gjere det enkelt å kople saman tenester som verksemdene utviklar eller anskaffer sjølve, med tenestene våre.
Vi samarbeider med andre nasjonale leverandørar av fellestenester, og vi er pådrivar for at løysingane dei tilbyr blir brukte i sektoren og godt integrerte med våre tenester.
Slik jobbar vi for å levere gode fellestenester
Kunnskapssektoren har god tilgang til infrastruktur og fellestenester av høg kvalitet: Dette er verksemdsmål 1 i strategien til Sikt for 2026–2030.
Som prioriterte innsatsområder skal vi:
- setje brukarane i sentrum for tenesteutviklinga og ha fornøgde brukarar.
- vere ein godt koordinert leverandør med fornøgde kundar.
- utvide bruken av tenestene våre i alle aktuelle kundegrupper.
- vere ein aktiv pådrivar for eit samanhengande økosystem av digitale tenester i sektoren.
- samarbeide målretta internasjonalt og på tvers av sektorar om felles standardar og tenesteutvikling.
- bruke kunstig intelligens for å effektivisere og forbetre verksemda og tenestene våre.
- styre tenesteporteføljen heilskapeleg, med vekt på nytteverdi for sektoren og økonomisk berekraft.
Særskilt rolle: Leggje til rette for deling og gjenbruk av data
Kunnskapssektoren i Noreg har sterke tradisjoner for å dele data, men potensialet for bruk og gjenbruk er langt frå fullt utnytta.
Som leverandør leverer Sikt infrastruktur og tenester for lagring, deling, analyser, beregningar og visualiseringar av data. Vi forvaltar og leverer data som er tilrettelagte for vidare bruk. Vi leverer personverntenester for å gjere det enklare å bruke og dele personopplysninger på trygg og lovleg måte.
I tillegg er vi nasjonal koordinator og pådrivar for at verksemdene i sektoren deler og gjenbrukar data, og vi informerer om relevante datasamlingar, infrastruktur og tenester fra andre leverandørar.
Slik jobbar vi for deling og gjenbruk av data
Kunnskapssektoren deler og brukar data for auka kunnskapsutvikling, innovasjon og verdiskaping: Dette er verksemdsmål 2 i strategien til Sikt for 2026–2030.
Som prioriterte innsatsområder skal vi:
- vere eit førbilete for god forvaltning og deling av data, med datasett som er godt skildra og tilrettelagte.
- vere ein aktiv pådrivar for meir deling og gjenbruk av data i sektoren.
- bidra til god koordinering og heilskapeleg informasjon om nasjonale og internasjonale datainfrastrukturar for forskning, og vere ein aktiv eier av Sigma2.
- vidareutvikle nasjonale registre som felles masterdatakilder på tvers av verksemder og sektorer.
Omgrepsavklaring:
Sikt skil mellom datadeling for analyseføremål (forsking, kunnskapsproduksjon og innsikt) og datadeling for samanhengande tenester (heilskapelege brukaropplevingar i eit samanhengande økosystem).
Dei to føremåla har ulike krav til teknologi, regelverk og kompetanse, og dei krev derfor ulike tilnærmingar frå Sikt.
Pådrivarrollen for deling og bruk av data dreier seg først og fremst om datadeling for analyse og innsikt. Datadeling for samanhengende tenester er nært knytta til å tilrettelegge for at sektoren har eit samanhengende økosystem av tenester.
Særskilt rolle: Leggje til rette for god informasjonssikkerhet og godt personvern i kunnskapssektoren
Digital sikkerheit er høgt prioritert i Sikt. Mange av tenestene vi leverer, er verksemdskritiske for institusjonane i sektoren og må fungere til kvar tid, samtidig som dataene må vere godt beskytta. Som leverandør sørger vi for god digital sikkerheit og beredskap i tenestene våre, og vi leverer også dedikerte sikkerheits- og personverntenester til sektoren.
Som forvaltar kritisk av infrastruktur, som Feide og Forskningsnettet, er Sikt ein del av den sivile beredskapen i totalforsvaret. At vi kan levere desse tenestene også under krise og krig, er avgjerande for å halde oppe viktige samfunnsfunksjonar som skule og barnehage.
I tillegg er vi felles responsmiljø (SRM) for kunnskapssektoren ved digitale sikkerheitshendingar, og pådrivar for å styrke bevisstheita og kompetansen om digital sikkerheit og beredskap.
Slik jobbar vi for god informasjonssikkerheit og godt personvern
God digital sikkerheit og beredskap i kunnskapssektoren: Dette er verksemdsmål 3 i strategien til Sikt for 2026–2030.
Som prioriterte innsatsområder skal vi:
- vere eit førebilete for digital sikkerheit og beredskap, med eit effektivt internt sikkerheitsarbeid tilpassa utviklinga i trusselbiletet.
- styrke evna i sektoren til å førebygge, oppdage, varsle om og handtere digitale truslar og hendingar, gjennom å vidareutvikle tenestene våre og rolla som felles responsmiljø.
- vere ein aktiv pådrivar for auka bevisstheit og kompetanse om digital sikkerheit og beredskap i sektoren.
- etablere og utvikle beredskapsrolla vår som del av totalforsvaret.
Omgrepsavklaring:
Omgrepet digital sikkerheit er eit samleomgrep som omfattar informasjonssikkerheit og personvern, cybersikkerheit og generell IKT-sikkerheit. Digital beredskap handlar om å vere forberedt på å oppdage, handtere og gjenopprette normaltilstanden etter digitale hendingar, slik at kritiske funksjonar kan opprettholdast.
I tildelingsbrevet for Sikt i 2026 er mål 3 definert som: "God informasjonssikkerhet og godt personvern i kunnskapssektoren", slik det også står i overskrifta om denne rolla. Sikt har føreslått at dette blir justert til "god digital sikkerheit og beredskap" frå 2027, slik at målet famnar om heile omgrepet "digital sikkerheit" samtidig som det løfter fram beredskapsrolla.
Tildelingsbrev fra Kunnskapsdepartementet
Sikt – Kunnskapssektorens tjenesteleverandør rapporterer til Kunnskapsdepartementet.
Tildelingsbrevet er Kunnskapsdepartementets årlege styringsdokument. Eventuelle endringar eller ytterlegare tildelingar blir formidla gjennom supplerande tildelingsbrev i løpet av året.
Verksemds- og økonomiinstruksen for Sikt er også eit sentralt styrande dokument. Alle mål og krav Sikt er ansvarleg for, må bli planlagt og realisert innanfor dei angitte rammene. Omtalen i budsjettproposisjonane, og i vedtekne lover og forskrifter, er utgangspunktet for gjennomføringa av politikken, saman med prioriteringar, føringar og krav som blir gitt i dette brevet.
Tildelingsbrevet og eventuelle supplerande tildelingsbrev skal publiserast på nettsidene for verksemda så snart dei er mottatte, jf. Bestemmelser om økonomistyring i staten, pkt. 2.3.2.
Tildelingsbrev til Sikt for 2026Supplerande tildelingsbrev til Sikt for 2026Kontakt
Lurer du på noe, eller vil du vite mer om våre produkter og tjenester?
